Lysarka frå kommuneøkonomiseminaret 9. april.

Saman med KS og NKK arrangerte vi eit økonomiseminar med aktuelle tema torsdag 9. april.

Tema på seminaret, lenkjer til lysark og kort omtale:

KOSTRA-rapporteringa for 2014. SSB har publisert førebels tal for 2014. På ein del felt kan det vera grunn til å sjå nærare på tala. M.a gjeld dette innan eigedomsforvaltning. Det er viktig at data blir kvalitetssikra slik at dei kan nyttast i samanlikningar.

Finansieringsutfordringer: Lenvik-dommen, strategier og utfordringer v. Stein Kittelsen, økonomisjef Klepp kommune. Dommen i KOFA gir utfordringar når kommunane skal ta opp  lån og Stein Kittelsen gjekk gjennom konsekvensar og tilpassingar. I praksis er det som kjent berre to aktuelle tilbydarar av banklån, alternativet er finansmarknaden, sertifikat og obligasjonslån. Tilrådinga er m.a. å spreia finansieringa på ulike typar lån. Ein bør også sjå på finansreglementet i samband med dette.

Momskompensasjon kommunale utleigeboligar:  Seniorskattejurist Kristine Eltvedt Fiane og spesialrevisor Marit Olstad frå Skatt Vest la fram saka frå skatteetaten si side. Vilkåret for momskompensasjon er at bustaden er særskilt tilrettelagt og blir nytta av bebuar med behov for slik tilrettelegging, dvs. at det skal liggja føre vedtak.

Per Blikra, økonomisjef i Randaberg har arbeidd med saka for kommunar i distriktet. Det er aktuelt med tilbakebetaling av store beløp og samla for kommunesektoren kan det dreia seg om ein sum i milliardklassen. Dokumentasjonskrava fører også til betydeleg meirarbeid og kan reknast som ein «tidstjuv». Oslo kommune og Randaberg kommune har tatt opp saka med Finansdepartementet og KS.

Strammere tider. Arbeidsledighet og sysselsettingsutvikling i Rogaland, v. rådgiver
Gustav Svane, NAV. Sysselsetjinga auka i Rogaland med 8,6 % i perioden des. 2008 til des. 2013, mot 3,7 % for landet. Etter innskrenkingar som følgje av fall  i oljeinvesteringar og lågare oljepris ligg talet på heilt ledige i fylket pr mars 2015 på 3,0 %, det same som landet. Ein ventar at arbeidsløysa vil auka med 150 – 200 personar i månaden i fylket i 2015 til 3,8 % i desember og Stavanger-regionen er mest utsett. Men Johan Sverdrup-utbygginga bør gi von om betre utvikling frå 2016.

NAV Rogaland publiserer kvar månad pressemelding om sysselsetjingsutviklinga.

Nye reglar om tilskot til private barnehagar frå 1.1.2016  v. seniorrådgjevar Per Arne Sandvold, Fylkesmannen.

Kunnskapsdepartementet har sett i gong eit arbeid med finansieringsordninga for private barnehagar. Det er to aktuelle modellar, ein basert på nasjonale satsar med mulighet for lokal justering, og ein basert på utgiftene i kommunale barnehagar som nå, men på ein enklare måte. Det er venta eit høyringsutkast i løpet av våren og kommunane bør vera på banen då.

Lenkje til skjema for tilskotsberekning 2015 og årshjul 2014-2015

Lenkje til rapport frå PwC

Kontaktpersonar