Kommuneproposisjonen for 2019

Kommuneproposisjonen for 2019 blei lagt fram 15. mai. Vi har laga eit samandrag av hovudpunkta.

Endringar i det økonomiske opplegget for 2018 i revidert nasjonalbudsjett (RNB)

Nye overslag tyder på at det vil bli ein reell nedgang i kommunesektoren sine frie inntekter på 2,6 mrd. kroner i 2018. Dette heng mellom anna saman med at skatteinntektene for 2017 blei ekstra store som følgje av uventa store uttak av utbytte til personlege skatteytarar. Denne effekten blir ikkje ført vidare i 2018. I tillegg er overslaget for kommunesektoren sine skatteinntekter i 2018 nedjustert med 0,5 mrd. kroner som følgje av at forventa lønsvekst er redusert frå 3,0 til 2,8 prosent.

Kostnadsveksten i kommunesektoren (kostnadsdeflatoren) er uendra på 2,6 prosent trass i nedjusteringa av lønsveksten. Årsaka er høgare prisvekst på varar og tenester, i hovudsak auka energiprisar.

Øyremerka tilskot aukar med 2,8 mrd. kroner. Av dette er 2,4 mrd. kroner vederlag til kommunesektoren for tildeling av oppdrettsløyve i havbruksnæringa.

I sum utgjer dette ein forventa realvekst i kommunesektoren sine samla inntekter i 2018 på 1,9 mrd. kroner.

Investeringstilskotet til etablering av heildøgns omsorgsplassar: Regjeringa føreslår å auka løyvinga over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett med 59,3 mill. kroner i 2018 som følgje av stor søknadsinngang til investeringstilskotet i 2018. Auken motsvarer om lag 700 heildøgns omsorgsplassar. Forslaget inneber ein auke av tilsegnsramma i 2018 med 1 186 mill. kroner, til i alt 4 235,5 mill. kroner. Samla sett gir tilsegnsramma rom for tilskot til om lag 2 500 heildøgns omsorgsplassar.

Løyvinga til kompensasjon for gratis kjernetid i barnehagen blir auka med 14,2 mill. kroner. Dette heng saman med at gjennomsnittsinntekta for hushaldingane som blei lagt til grunn for kompensasjonsbeløpet i saldert budsjett for 2018 har vist seg å vere feil.

Det økonomiske opplegget for 2019

Regjeringa legg opp til ein realvekst i frie inntekter på mellom 2,6 og 3,2 mrd. kroner i 2019. Dette motsvarer ein vekst på mellom 0,7 og 0,9 prosent. Så godt som heile auken i 2019 vil gå til kommunane.

200 mill. kroner av veksten i frie inntekter er grunngitt med opptrappingsplanen for rusfeltet. Vidare er 100 mill. kroner av veksten knytt til opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering.

Fylkeskommunane får mellom -0,1 og 0,1 mrd. kroner av den føreslåtte veksten i frie inntekter. Dette heng saman med at fylkeskommunane venteleg vil få reduserte demografiutgifter som følgje av endringar i samansetjinga av befolkninga.

Realveksten i kommunesektoren sine samla inntekter er rekna til mellom 1 og 2 mrd. kroner. Overslaget for veksten i samla inntekter er lågare enn veksten i frie inntekter. Dette heng saman med at det blir foreslått å løyve om lag 2,4 mrd. kroner til kommunesektoren i revidert nasjonalbudsjett for 2018 som følgje av vekst i oppdrettsnæringa. Desse inntektene er eingongsinntekter og bidreg til lågare vekst frå 2018 til 2019.

Den varsla veksten i frie inntekter må sjåast i samanheng med at meirutgiftene som er knytt til demografiske endringar i 2019 er uvisse. Statistisk sentralbyrå publiser nye befolkningsframskrivingar annankvart år, neste gong i juni 2018. I den forbindelse vil det bli gjort nye overslag for meirutgiftene i 2019.

Inntektsveksten for 2019 er basert på inntektsnivået for 2018 i revidert nasjonalbudsjett. Dersom inntektsoverslaga er endra når statsbudsjettet blir lagt fram i oktober, kan den varsla inntektsveksten for 2019 bli endra.

Kommunesektoren gjennomfører no eit betydeleg omstillings- og effektiviseringsarbeid for å frigjere ressursar til å kunne gje innbyggjarane fleire og betre tenester. Senter for økonomisk forsking har utarbeidd analysar som viser at samla effektivitet i gjennomsnitt auka med om lag 0,5 prosent per år i perioden 2008-2016 i sektorane barnehage, grunnskole og pleie og omsorg. Ein auke i effektiviteten på 0,5 prosent motsvarer 1,2 mrd. kroner i frigjorte midlar, som kan brukast til å styrkje tenestene i tillegg til det som følgjer av inntektsveksten.

Som vanleg blir det lagt opp til at dei kommunale og fylkeskommunale skattøyra for 2019 blir fastsette ved handsaminga av statsbudsjettet for 2019. Det blir vidare lagt opp til at skattøyra blir fastsette på grunnlag av målsetjinga om at skatteinntektene skal utgjera 40 prosent av kommunane sine samla inntekter.

Veksten i kommunesektoren sine samla pensjonskostnadar blir rekna til om lag 650 mill. kroner i 2019, utover det som blir dekka av den kommunale deflatoren. Det er knytt monaleg uvisse til dette overslaget. Føresetjingane for berekning av dei rekneskapsmessige pensjonskostnadane for Statens pensjonskasse i 2019 blir endra ved at forventa avkastning på pensjonsmidlane blir redusert med 0,2 prosentpoeng. Det vil komme nærmare opplysningar om dette i eit eige rundskriv til alle kommunar og fylkeskommunar.

Lenkje til Kommuneproposisjonen for 2019