Kommuneproposisjonen for 2018

Kommuneproposisjonen for 2018 blei lagt fram 11. mai. Vi har laga eit samandrag av hovudpunkta.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.05.2017

Endringar i opplegget for 2017 i RNB 2017

I revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2017 er overslaget for lønsveksten i 2017 justert ned frå  2,7 prosent til 2,4 prosent. Nedjusteringa bidrar til at kostnadsveksten i kommunesektoren (deflator) blir justert ned frå 2,5 prosent til 2,3 prosent. Isolert sett bidrar dette til ei innsparing for kommunesektoren på om lag 900 mill. kroner.

Lågare lønsvekst medfører lågare vekst i skatteinntektene til kommunesektoren. Samanlikna med saldert budsjett 2017 er skatteoverslaget  justert ned med 850 mill. kroner. Vel 160 mill. kroner av nedjusteringa skuldast endringar i skatteopplegget i revidert budsjett. Dette blir kompensert gjennom auke i rammetilskotet, jf. nedanfor.

Realveksten i kommunesektorens samla inntekter i revidert nasjonalbudsjett 2017 er rekna til 2,3 mrd. kroner, tilsvarande 0,5 prosent. Det er rekna ein realnedgang i kommunesektorens frie inntekter med 1,5 mrd. kroner, tilsvarande  minus 0,4 prosent. Ein må sjå dette i lys av dei ekstraordinært høge skatteinntektene i 2016.

Skatt på inntekt og formue for kommunane er nå rekna å auka med 1,0 % i høve til rekneskapstal for 2016.

I statsbudsjettet for 2017 er det løyvt 172,2 mill. kroner til fleire barnehagelærarar over kap. 231, post 60 på Kunnskapsdepartementets budsjett. Løyvinga har halvårseffekt, og heilårseffekten av tiltaket utgjer om lag 413 mill. kroner. Det blir føreslått at løyvinga på 172,2 mill. kroner blir innlemma i innbyggjartilskotet.

Investeringstilskotet til etablering av heildøgns omsorgsplassar: Regjeringa føreslår å auka løyvinga over Helse- og omsorgsdepartementets budsjett med 107,6 mill. kroner i 2017 som følgje av stor søknadsinngang til investeringstilskotet i 2017. Forslaget inneber ein auke av tilsegnsramma i 2017 med 2,152 mrd. kroner. Ein slik auke av tilsegnsramma gir rom for tilskot til om lag 1 300 heildøgns omsorgsplassar.

I revidert nasjonalbudsjett 2017 er det føreslått enkelte endringar i skatte- og avgiftsreglane, m.a. lette for privat pensjonssparing og auka minstefrådrag for pensjon. Delar av skattelettane får verknad for kommunesektoren. Skatteinntektene til kommunesektoren i 2017 er rekna å bli redusert med 162 mill. kroner som følgje av skatteopplegget i RNB, fordelt med 132 mill. kroner for kommunane og 30 mill. kroner for fylkeskommunane. Rammetilskota til kommunar og fylkeskommunar blir føreslått auka med tilsvarande beløp på høvesvis kap. 571, post 60 og kap. 572, post 60.

Det økonomiske opplegget for 2018

Regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektorens samla inntekter i 2018 på mellom 4,3 og 5,3 mrd. kroner. I statsbudsjettet for 2018 vil ein koma tilbake med endeleg forslag til inntektsrammer.

Det blir lagt opp til ein vekst i frie inntekter på mellom 3,8 og 4,3 mrd. kroner, som svarar til 1,1 til 1,2 %.

Som vanleg er inntektsveksten for neste år basert på inntektsnivået for 2017 i revidert nasjonalbudsjett. Dersom inntektsoverslaga blir endra når statsbudsjettet blir lagt fram i oktober (truleg 12.10) kan den varsla inntektsveksten for 2018 bli endra.

Veksten i frie inntekter skal dekka meirutgifter som følgje av den demografiske utviklinga (folketilvekst m.v.) på 2,2 mrd. kr av samla meirutgifter på 2,7 mrd., etter utrekningar frå TBU. Heile auken i 2018 kan tilskrivast kommunane.

Det er også rekna ein vekst i kommunesektorens samla pensjonskostnader på rundt 350 mill. kroner i 2018, utover det som blir dekka av den kommunale deflatoren.  Det er knytt monaleg uvisse til dette overslaget.

Regjeringa legg opp til at kommunane får mellom 3,5 og 4 mrd. kroner av veksten i frie inntekter. Av denne veksten er 300 mill. kroner grunngitt med opptrappingsplanen for rusfeltet, 200 mill. kroner er grunngitt med tidleg innsats i barnehage og skule og 200 mill. kroner med førebyggjande tiltak for barn, unge og familiar. Denne satsinga vil vera med på å rusta kommunane for barnevernsreformen.

Det blir lagt opp til at fylkeskommunane får 0,3 mrd. kroner av den føreslåtte veksten i frie inntekter. Av denne veksten skal 100 mill. kroner gis ei særskilt fordeling til ferjefylka.

Samla skal dette kunna gi eit handlingsrom på 450 – 950 mill. kr (dvs. etter at demografi, pensjonskostnader og satsingar er trekte ut).  Dersom kommunesektoren klarer å ta ut effektiviseringspotensialet i sektoren, vil det kommunale tenestetilbodet kunne styrkjast utover det som følgjer av inntektsveksten. Senter for økonomisk forskning (SØF) har utarbeidd analysar som kan tyda på eit samla effektiviseringspotensial for sektorane barnehage, grunnskule og omsorgstenester på 12 prosent i 2015, noko som inneber at det kan frigjerast om lag 27 mrd. kroner til å styrkja tenestetilbodet dersom alle kommunar blir like effektive som dei mest effektive kommunane. Dersom kommunesektoren klarer å effektivisera med 0,5 prosent, tilsvarar det 1,2 mrd. kroner i 2018 som kan brukast til styrking av tenestene i tillegg til det som følgjer av inntektsveksten.

Det blir det lagt opp til at dei kommunale og fylkeskommunale skattøyra for 2018 blir fastsette som vanleg ved behandlinga av statsbudsjettet for 2018, og på grunnlag av målsetjinga om at skatteinntektene skal utgjera 40 prosent av kommunanes samla inntekter.

Det blir ikkje fremja forslag om å innføra tilbakeføring av selskapsskatten for 2018, men ein vil koma tilbake til saka på eit seinare tidspunkt. Dette har samanheng med den store uvissa på inntektssida dette vil kunna medføra for kommunar med eit konjunkturutsett næringsliv. (Det var varsla ei ny vurdering av denne saka i fjor).

Statsbudsjettet for 2018 blir truleg lagt fram torsdag 12. oktober.

Vi minner elles om Kommuneøkonomidagen tysdag 30. mai der kommuneproposisjonen er eit hovudtema. Det er framleis litt ledige plassar om ein er rask.

Lenkje til Kommuneproposisjonen for 2018.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.