Kva betyr statsbudsjettet 2017 for kommuneøkonomien?

Forslag til statsbudsjett blei lagt fram torsdag 6. oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 2,4 %, mot 2,7 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2016.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.10.2016

Nokre hovudpunkt i budsjettforslaget:

  • Det blir lagt opp til ein realvekst i frie inntekter på 4 075  mill. kr eller 1,2 %. Av dette 3 625 mrd. kr til kommunane. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2016 i revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2016.
  • Veksten i kommunesektorens samla inntekter  i 2017 er rekna til 3,4 mrd. kr, tilsvarande 0,7 %. Lågare vekst i samla inntekter har samanheng med reduksjon i ein del øyremerka ordningar.
  • Realveksten byggjer på anslått kostnadsvekst i kommunesektoren (deflator) i 2017 på 2,5 %.
  • Det blir føreslått å løyva ytterligare 650 mill. i sysselsetjingstilskot til vedlikehald og rehabilitering. 400 mill. kr er fordelt nå, av dette 217,5 mill. kr til kommunar i Rogaland.
  • Skatteøyret er uendra på 11,8 %.
  • Skatteoverslaget for 2016 er oppjustert med 3,1 mrd. for kommunane i høve til Kommune-proposisjonen i vår.

Det økonomiske opplegget for 2016

Skatteoverslaget er oppjustert med 3,8 mrd. kr, av dette 3,1 mrd. for kommunane, i høve til i revidert nasjonalbudsjett (RNB).

Skatteoverslag for kommunane for 2016 (mill. kr og vekst frå 2015):

 

Mill kr

Vekst %

Rekneskapstal 2015

136 598 

 

Statsbudsjettet 2016 - 7.10.15

144 800

6,0

Komm.prop. 2017 - 11.5.16

145 375

6,4

Statsbud. for 2017 - 6.10.16

148 475

8,7

Bakgrunnen er ekstraordinært store uttak av utbytte til personlege skattytarar for inntektsåret 2015, noko som truleg dreier seg om tilpassingar i forkant av skattereforma i 2016.

Deflatoren for 2016 er uendra, dvs.  2,6 % i høve til RNB, av dette lønsvekst i kommunane på 2,4 %.

Den reelle veksten i kommunesektorens samla inntekter i 2016 er nå rekna til 12,1 mrd. kr, tilsvarande 2,7 %. Realveksten i dei frie inntektene er rekna til 7,2 mrd. kr, tilsvarande 2,1 %. Inntektsveksten i 2016 blir dermed betydeleg sterkare enn det ein rekna med i RNB 2016.

Meir om det økonomiske opplegget for 2017

Ved berekning av realvekst i kommunesektorens inntekter i 2017 blir det lagt til grunn ein pris- og lønnsvekst (deflator) i kommunal sektor på 2,5 %. Dette byggjer m.a. på eit generelt lønsvekstoverslag på 2,7 % og der løn tel knapt 2/3.

Regjeringa legg opp til ein realvekst i frie inntekter på 4 075  mill. kr eller 1,2 %. Av dette 3 625 mrd. kr til kommunane. Dette er i tråd med det som blei varsla i Kommuneproposisjonen 2017, (dvs. ein vekst på mellom 3 ¾ og 4 mrd. kr). Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2016 i RNB 2016, ikkje dei nå oppjusterte inntektsoverslaga. Dette er i tråd med vanleg praksis.

Veksten i kommunesektorens samla inntekter  i 2017 er rekna til 3,4 mrd. kr, tilsvarande 0,7 %. 

Lågare vekst i samla inntekter har samanheng med reduksjon i ein del øyremerka ordningar, netto med 1,3 mrd. kr. Vederlag til kommunane knytt til tildeling av oppdrettsløyve blir redusert med om lag 0,7 mrd. kr. Dette skuldast at det ikkje er vedtatt utlysing av nye løyve eller vekst i eksisterande løyve i 2017. Vidare blir distrikts- og regionalpolitiske tilskot til fylkeskommunane redusert med om lag 0,4 mrd. kr. I tillegg bidreg toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester til å trekkja ned veksten i øyremerka tilskot.

I samband med RNB 2016 blei fordelt 400 mill. kr for 2016  i vedlikehaldstilskot til kommunar på Sør- og Vestlandet.  Det blir føreslått å løyva ytterligare 650 mill. kr for 2017 i tilskot til vedlikehald og rehabilitering av kommunale vegar, bygg og anlegg som kjem i tillegg til det som normalt ville blitt planlagt. Midlane vil bli fordelt med likt kronebeløp per innbyggjar utan søknad. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunanes inntekter.

I første omgang blir fordelt 400 mill. kr til kommunar på Sør- og Vestlandet som har ei arbeidsløyse over landsgjennomsnittet ved utgangen av august 2016 (dvs. 3,1 %.). Kommunane vil få eit likt beløp per arbeidsledig ut over 3,1 %. Dei resterande 250 mill. kr vil bli vurdert på nyåret når ein ser utviklinga i arbeidsløysa. Fordeling 400 mill., sjå vedlegg i høgremenyen.

Veksten i dei frie inntektene skal dekka desse kostnadene (mill. kr):

 

Kommunesektoren

Kommunane

Demografi

2 100

2 000

Pensjonskostnader *

850

750

Særskilte satsingar:

 

 

Tidleg innsats i skulen

150

150

Rusomsorg

300

300

Helsestasjonar og skulehelseteneste

50

50

Rehabilitering / habilitering

100

100

Fylkesvegar

200

-

     

*auka pensjonskostnader er eit grovt overslag

 

 Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) har anslått meirutgiftene for kommunesektoren i 2017 til om lag 2,5 mrd. kr som følgje av den demografiske utviklinga. Av dette reknar ein at om lag 2,1 mrd. kr må finansierast innanfor veksten i frie inntekter.

I Kommuneproposisjonen for 2017 rekna ein med ein vekst i kommunesektorens samla pensjonskostnader på rundt 850 mill. kr i 2017, ut over det som blir dekka av den kommunale deflatoren. Dette må dekkast av dei frie inntektene.

I tillegg kjem regjeringa sine satsingar på tiltak finansiert innanfor dei frie inntektene på i alt 800 mill. kr dvs. tidleg innsats i grunnskulen, opptrappingsplanen på rusfeltet, opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering, auka satsing på skulehelsetenester og helsestasjonar, og fornying og opprusting av fylkesvegar.

Innanfor den samla veksten i frie inntekter gir dette eit handlingsrom for kommunesektoren på vel 300 mill. kr.

Dersom kommunesektoren set eit effektiviseringskrav til eiga verksemd på 0,5 %, svarar det til 1,2 mrd. kroner i 2017, midlar som kan frigjerast til betring av tenestene ut over det som inntektsveksten i seg sjølv legg til rette for, eller styrking av den finansielle situasjonen. Ein reknar med eit potensiale for effektivisering for kommunane samla innan skule, barnehage, og pleie og omsorg på 15 % dersom alle kommunar blir like effektive som den mest effektive av samanliknbare kommunar.

Skatteoverslaget for kommunane for 2017 (skatt på inntekt og formue) er 151,9 mrd. kr, dvs. ein vekst på 2,3 % i høve til nytt overslag for 2016. Dette byggjer  m.a. på 0,7 % sysselsetjingsvekst, 2,7 % lønsvekst, og ein skattedel av inntektene på 40 %. Den kommunale skattøyren for 2017 er uendra frå 2016 (11,8 %).

Endringar i inntektssystemet

Som kjent blir  inntektssystemet for kommunane endra frå 2017, gjennom endringar i kostnadsnøkkelen, endringar i regionalpolitiske tilskot og eit nytt gradert basiskriterium.

Differensiering av kompensasjonen for smådriftsulemper på kommunenivå: graderinga vil skje gjennom strukturkriteriet. Tidligare år fekk alle kommunar fullt basistilskot, men nå vil det differensierast mellom 0,5 og 1, eller halvt og fullt basistilskot. Grenseverdien i strukturkriteriet for å få fullt basistilskot er 25,5 km.

Distriktstilskot Sør-Norge vil gi meir per innbyggjar, og mindre per kommune, samanlikna med tidligare. Småkommunetilskotet vil vidareførast innanfor distriktstilskotet Sør-Norge, og skal målrettast mot kommunar med reelle distriktsutfordringar. Satsen for småkommunetilskotet vil differensierast ut frå distriktsindeksen med tal frå 2015 som grunnlag.

Regionstilskot:

Kommunar som fattar vedtak om å slår seg saman i perioden for kommunereforma vil få tilskot dersom dei oppfyller tre krav:

•           Det må fattast vedtak om samanslåing i perioden for kommunereforma

•           Den nye kommunen får meir enn 9 000 innbyggjarar

•           Kommunane som slås saman får ikkje storbytilskot

Det er sett av 100 mill. kr i 2017 og 200 mill. kr i 2018 til dette, der tilskotet vil fordelast med 40% per innbyggjar, og 60% per samanslåing.

Overgangsordning for gradert basistilskot:

Kommunar som vedtar samanslåing, og som får redusert basistilskot i tida fram til samanslåinga trer i kraft vil få full kompensasjon for reduksjonen i basistilskotet frå 2016 til 2017 som følgje av endringane i inntektssystemet frå 2017. Regjeringa har sett av 300 mill. kr til ordninga.

Det er ikkje avgjort korleis ein skal handtera kommunar med vedtak om samanslåing utan gjensidig vedtak frå annan kommune. Dette vil bli vurdert fram mot kommuneproposisjonen for 2018.

Endringar i regionalpolitiske tilskot blir ikkje omfatta av overgangsordninga. Det same gjeld kompensasjonen for endringane i 2011, som nå fell bort, og endringar i veksttilskotet.

For veksttilskotet blir at terskelen for å få tilskot senka, frå folketilvekst på  1,5 % for 2016 (snitt siste tre år)  til 1,4 % for 2017. Satsen blir justert til kr 57 191 kr per innbyggjar utover vekstgrensa.

Veksttilskotet utgjer 422,4 mill. i 2017, mot 440,6  mill. kr i 2016. Av dette går 57,4 mill. kr til 7 kommunar i Rogaland. Tilsvarande for i år er 115,3 mill. kr og 10 kommunar.

Innlemmingar av øyremerka ordningar:

Tilskot til bustadsosialt arbeid er føreslått innlemma i rammetilskotet til kommunane. For 2017 blir 10 mill. kr frå Arbeids- og sosialdepartementets budsjett, og 5,7 mill. kr frå det bustadsosiale kompensasjonstilskotet på Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett innlemma i rammetilskotet. Ein tek sikte på ytterlegare innlemmingar i 2018.

Regjeringa vil også innlemma midlar til frivilligsentral. Midlar frå Kulturdepartementets budsjett på 131 mill. kr blir innlemma i kommuneramma. I tillegg føreslår regjeringa å auke løyvinga med 20 mill. kr.

Meir om endringane  etter tenesteområde

Helse og omsorg

Opptrappingsplan for rus: i tillegg til 300 mill. i frie inntekter grunngitt med opptrappingsplanen blir det føreslått 45 mill. kr gjennom ei tverrdepartemental oppfølging av opptrappingsplanen i rusfeltet.

Helsestasjon og skulehelseteneste: utover 50 mill. kr i frie inntekter føreslår Regjeringa å løyva 101 mill. kr øyremerka midlar over Helse- og omsorgsdepartementets budsjett som skal gå til kommunar som kan dokumentera at dei har brukt midla som ligg i rammetilskotet til tenesta.

Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering:

I tillegg til 100 mill. kr av veksten i frie inntekter føreslår regjeringa å løyva 100 mill. kr til opptrappingsplanen, der 91 mill. kr av desse er øyremerka stimuleringstilskot for kommunane over Helse- og omsorgsdepartementets budsjett.  Vidare legg ein opp til at midla i opptrappingsplanen aukar til 300 mill. kr innan 2019.

Dagtilbod til demente:

Regjeringa føreslår å løyva om lag 45 mill. kr i øyremerka tilskot for å leggja til rette for om lag 750 fleire dagaktivitetsplassar.

Styrka tilskot til rekruttering av psykologar:

Det blir lagt opp til eit styrka tilskot på 20 mill. kr for å styrka rekrutteringa av psykologar i kommunane, tilsvarande minst 65 nye årsverk.

Investeringstilskotet til heildøgns omsorgsplasser:

Det blir føreslått investeringstilskot til om lag 1 800 heildøgns omsorgsplasser. Regjeringa ønskjer å leggja om investeringstilskotet slik at det berre blir gitt tilskot til prosjekt som aukar samla tal på omsorgsplasser. Det blir dermed ikkje gitt tilskot til rehabilitering av eksisterande plasser etter ein overgangsperiode.

 For at kommunane skal få renovert eksisterande bygningsmasse ved behov, blir det lagt opp til ein gradvis innfasing i perioden 2017-2020, kor det føreslås at høvesvis 20, 40, 60 og 80 % blir reserverte tilskot til plasser som gir netto vekst.

Øyeblikkeleg hjelp:

Frå 2017 får kommunane plikt til å tilby øyeblikkeleg hjelp døgnopphald for brukarar med psykisk helse- og rusproblematikk. Kommunens plikt omfattar berre pasientar og brukarar kommunen har moglegheit til å utreia, behandla eller yta omsorg til. Det blir føreslått å innlema 86,5 mill. kr i rammetilskotet til dette.

Skule 

Regjeringa føreslår å endra opplæringslova slik at innvandrarar som i dag ikkje har rett til vidaregåande opplæring i Norge, kan får lov til å fullføra vidaregåande opplæring i Norge likevel, og dermed auka moglegheit til å studera vidare eller få seg ein jobb dei er kvalifisert til. Det er føreslått 46,1 mill. kr i auka rammetilskot til fylkeskommunane til dette i 2017.

Flyktningar og integrering

Ekstratilskot ved busetting:

Regjeringa ønskjer å vidareføra ekstratilskotet til kommunar som buset flyktningar, og vil gje ekstratilskot til kommunar som buset flyktningar innan september 2017. Vidare gis det 500 000 kr i ekstratilskot per person som blir busette frå institusjon eller tilrettelagt avdeling.

Regjeringa ønskjer også å vidareføra et ekstra eingongstilskot på 100 000 kr per person for busetjing av einslege mindreårige som blir busett i 2017.

Omlegging av refusjonsordninga:

Refusjonsordninga for kommunale barnevernstiltak blir lagt om til ei ordning med fast tilskot for kvar einsleg mindreårig som blir busett. Tilskotet blir slått saman med nåverande tilskot som kommunane får ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar. Satsen for tilskota vil vere høgast for dei yngste barna og vil dermed virka som eit insentiv for å busetja dei.

Aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar:

Regjeringa føreslår å løyva 60 mill. kr for å dekkja kommunanes meirkostnader som følgje av innføring av aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar. Målet er å styrka den enkeltes muligheiter for å koma ut i arbeid og bli sjølvforsørgde. I første omgang blir aktivitetsplikta berre innført for mottakarar under 30 år.

Ressurskrevjande tenester

Regjeringa føreslår å stramma inn toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande brukarar ved å auka innslagspunktet med 50 000 kr utover prisjusteringa på 2,4%, slik at nytt innslagspunkt blir 1,157 mill. kr. Kompensasjonsgraden på 80% føreslås uendra.

Momskompensasjon

Regjeringa føreslår at momskompensasjonsordninga også skal inkludera burettslag og sameige som samarbeider med kommunen om helse- og omsorgstenester. Formålet er at det vil auka fleksibiliteten i val av samarbeidsformer mellom kommunane og private aktørar.

Saka om Skattedirektoratets krav til kulturhusa i Stavanger og Kristiansand er nå blitt avklart, og kravet er betydeleg redusert frå om lag 500 mill. kr til knapt 60 mill. kr

Vedlegg: sjå høgremenyen

Lenkje til KMD budsjettproposisjon

Lenkje til samleside for statsbudsjettet med fagproposisjonane

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.