Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2015

Forslag til statsbudsjett blei lagt fram onsdag 8.oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 5,5 %, mot 4,8 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2014. Auka veksttilskot vil gi eit godt påslag for fleire kommunar i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.10.2014

Nokre hovudpunkt i budsjettforslaget:

  • Nedjustering av skatteoverslaget for 2014 med 750 mill. kr for kommunane. Dette gir ein auke  på  2,4 % i høve til inngangen i 2013.
  • Det blir lagt opp til ein realvekst i kommunesektorens samla inntekter i 2015 på 6,2 mrd. kr, tilsvarande 1,5 %. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2014 i RNB 2014 ( i kommuneproposisjonen 2015 blei det varsla ein vekst på mellom 4,5 og 5 mrd. kr).
  • Av den samla inntektsveksten er 4,4 mrd. kroner eller 1,4 % frie inntekter. Av dette 3,9 mrd. kr til kommunane.
  • Realveksten byggjer på anslått kostnadsvekst i kommunesektoren (deflator) i 2015 på 3 %, same som i år 
  • Redusert skattøyre frå 11,4 % til 11,25 %

 Endringar i det økonomiske opplegget for 2014

Skatteoverslaget for kommunesektoren er nedjustert med 0,9 mrd. kr frå Revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2014, av dette 750 mill. på kommunane. Nedjusteringa påverkar ikkje inntektsnivået i kommunesektoren i 2015, sidan veksten blir rekna frå nivået i RNB. Reduksjonen kjem i tillegg til nedjusteringa på 1,04 mrd. kr for kommunane i RNB 2014. Ein må sjå dette i samanheng med noko svakare vekst i norsk økonomi. Vidare blei  lønnsvekstoverslaget redusert frå 3,5 til 3,3 % i RNB (uendra nå), og teknisk berekningsutval (TBU) justerte tidlegare i år ned overslaget for demografi-kostnader i 2014 med 0,5 mrd. kr som følgje av lågare folketilvekst.

Skatteoverslag for kommunane for 2014 (mill. kr og vekst frå 2013):

 

Mill kr

Vekst %

Rekneskapstal 2013

126 421  

 

Statsbudsjettet 2014 - 14.10.13

131 200

3,8

Komm.prp. 2015 - 14.5.14

130 160

3,0

Statsbud. for 2015 - 8.10.14

129 410

2,4

Deflatoren for 2014 er framleis 3 %.

Realveksten i samla inntekter for kommunesektoren i 2014 er nå rekna til 4,4 mrd kr, eller 1,1 %, av dette frie inntekter 2,3 mrd kr eller 0,7 %.

Tilskotsutbetalingane til ressurskrevjande tenester har auka kraftig og regjeringa føreslår derfor ei forsiktig innstramming i ordninga. Dette skjer ved å auka innslagspunktet med 37 000 kroner utover prisjustering – til  1 080 000 kroner, noko som inneber at statens utgifter isolert sett blir redusert med 220 mill. kr. For kommunane vil forslaget ha budsjettverknad alt  frå  2014. Kompensasjonsgraden blir halden uendra på 80 %.

Meir om det økonomiske opplegget for 2015

Ved berekning av realvekst i kommunesektorens inntekter i 2015 blir det lagt det til grunn ein pris- og lønnsvekst (deflator) i kommunal sektor på 3 %, same som inneverande år. Dette byggjer m.a. på eit lønsvekstoverslag på 3,3 % og der løn tel knapt 2/3.

Regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektorens samla inntekter i 2015 på 6,2 mrd. kr , tilsvarande 1,5 %. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2014 i RNB 2014. Det er betydelig høgare enn det som blei varsla i Kommuneproposisjonen 2015, (dvs. ein vekst på mellom 4,5 og 5 mrd. kr).

Av den samla inntektsveksten er 4,4 mrd. kroner eller 1,4 % frie inntekter. Dette er om lag same vekst  som i perioden 2008- 2014 og fordelinga er 3,9 mrd. kr på kommunane og 0,5 mrd. kr på fylkeskommunane.

Ut over veksten i frie inntekter, føreslår Regjeringa auka løyvingar til fleire tiltak innan helse og omsorg, barn og unge og samferdsel, jf. nedanfor.

Rekna frå anslag på rekneskap 2014 blir realveksten i samla inntekter i neste år 7,1 mrd, og  frie inntekter 5,3 mrd kr. Dette har samanheng med nedjusteringa av skatteinntektene for 2014, jf ovanfor.

Veksten i dei frie inntektene skal dekka demografivekst med 2,1 mrd kr (av samla meirutgifter på 2,5 mrd) og auka pensjonskostnader som grovt er rekna til 0,5 mrd. kr ut over det som blir kompensert gjennom deflatoren.

I Kommuneproposisjonen 2015 blei det lagt til grunn berekningar frå TBU som indikerte meirutgifter på om lag 3,1 mrd. kroner som følgje av den demografiske utviklinga, av dette blei det anslått at om lag 2,7 mrd. kr måtte finansierast innafor veksten i frie inntekter. Dette var basert m.a. på SSB sine folketalsframskrivingar frå juni 2012. Nye framskrivingar i juni 2014 tyder på at demografiutgiftene for 2015 kan nedjusterast som nemnt ovanfor. Reduksjonen skuldast i all hovudsak at det tidlegare var venta ein vekst i talet på barn i barnehagealder medan dei  nye framskrivingane tyder på ein nedgang.

Av veksten i frie inntekter til kommunane er 200 mill. kr grunngitt i behovet for å styrkja helsestasjons- og skolehelsetenesta. Vidare er 200 mill. kroner av veksten grunngitt i ei styrking av kommunale tenester til rusavhengige og personar med psykiske lidingar. 100 mill. kroner av veksten er grunngitt ut frå satsing på meir fleksibelt barnehageopptak. Meir om dette nedanfor.

Av veksten i frie inntekter til fylkeskommunane er 200 mill. kr grunngitt i behovet for fornying og opprusting av fylkesvegane. Dette er en auke på 50 mill. kr i høve til det som blei varsla i Kommuneproposisjonen 2015.

Skatteoverslaget for kommunane for 2015 (skatt på inntekt og formue) er 135,53 mrd. kr, dvs. ein vekst på 4,7 % i høve til nye tal for 2014. Dette byggjer  på 0,8 % sysselsetjingsvekst, 3,3 % lønsvekst, nye skattereglar for uførepensjon og skattedel av inntektene på 40 %.  Den kommunale skattøyren for 2015 er på bakgrunn av dette føreslått sett ned med 0,15 % til 11,25 %.

Endringar i inntektssystemet

Auka veksttilskot

 Regjeringa vil styrkja kommunar med store investeringsbehov som følgje av sterk folketilvekst. I dag blir veksttilskotet gitt til kommunar som gjennom dei siste tre åra har hatt ein gjennomsnittleg årleg befolkningsvekst ut over 175 pst. av gjennomsnittleg årleg befolkningsvekst på landsbasis, med eit fast beløp per nye innbyggjar ut over vekstgrensa. (kr 46 575 for 2014).

I kommuneproposisjonen blei grensa for å kvalifisera til veksttilskot redusert til 1,7 %. i gjennomsnittleg årlig befolkningsvekst dei siste tre åra. I tillegg blei satsen auka til 60 000 kr per nye innbyggjar ut over vekstgrensen.

I stortingsbehandlinga av kommuneproposisjonen bad kommunalkomiteen regjeringa om å sjå på om det var mogleg å utvida tilskotet endå meir. På bakgrunn av dette foreslår nå regjeringa å redusera vekstgrensa til 1,6 %. Auken blir finansiert delvis ved eit trekk i innbyggjartilskotet for alle kommunar, og delvis ved at satsen for kommunane som mottar veksttilskot blir redusert til 55 000 kr per nye innbyggjar ut over grensa.

Veksttilskotet utgjer 393 mill. kroner i 2015, mot 61 mill. kroner i 2014. Av dette går 101 mill. kr til 10 kommunar i Rogaland, mot i år 30,6 mill. kr til 8 kommunar. Tilskotet blir meir føreseieleg når ein går frå ei grense i høve til landsgjennomsnittet (som i dag) til ei fast grense. Då kan ein kommune vita på førehand om den vil få veksttilskot uavhengig av utviklinga på landsbasis.

 Kostnadsnøkkelen

Kommunal medfinansiering (samhandlingsreforma) blir avvikla frå 1.1.2015 og dermed fell delkostnadsnøkkelen bort (andel 0,0261 i 2014). I tillegg blir sektorvektene for barnehage, grunnskole, barnevern, helse, pleie og omsorg og sosialhjelp endra som følgje av endringar i rammetilskotet knytt til desse sektorane. Forslag til ny kostnadsnøkkel er vist i tabell 6.18 på side 143 i budsjett-proposisjonen frå KMD.

 Dei viktigaste sakene det blir korrigert for er desse:

 

(mill.kr)

Auka kommunal eigendel statlege barnevernsinstitusjonar

164,8

Reversering kulturskoletilbod skole/SFO, heilårseffekt 2014

-108,5

Reversering frukt og grønt, heilårseffekt 2014

-154,5

Valfag 10. trinn, heilårseffekt 2014

98,4

Auka likeverdig behandling kommunale/private barnehagar, heilårseffekt 2014

95,9

Redusert etterspørsel pga auka kontantstøtte, heilårseffekt 2014

-243,4

Auka maksimalpris barnehage

-312,0

Nasjonalt minstekrav foreldrebetaling barnehage

111,6

Brukarstyrt personleg assistanse

300,0

Avvikling av kommunal medfinansiering

- 5 674,7

Uttrekk utbyggjing av tilbod til øyeblikkeleg hjelp

-89,0

Trekk endra differensiert arbeidsgjevaravgift

-267,0

Desse endringane blir haldne utanom når ein reknar vekst i frie inntekter slik det er praksis når det gjeld kompensasjonar/trekk som følgje av nye eller utvida oppgåver, avvikling av oppgåver eller regelendringar som har økonomiske konsekvensar.

Meir om endringane  etter tenesteområde

Helse og omsorg

Satsing på helsestasjons- og skulehelsetenesta

200 mill. kr av veksten i dei frie inntektene til kommunesektoren er grunngitt med styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta, samt jordmortenesta. Midla kjem i tillegg til løyvinga på 180 mill. kroner i 2014. Midla i 2015 blir føreslått fordelte etter same nøkkel som i 2014, det vil seia etter tal innbyggjarar i alderen 0-19 år med eit minstenivå på 100 000 kroner per kommune.

Satsing på rusfeltet og psykisk helse

200 mill. kr av veksten i dei frie inntektene til kommunesektoren er grunngitt med styrking av tilbodet til personar med rusproblem og personar med psykiske lidingar. Midla knytte til rusfeltet blir føreslått fordelte etter sosialhjelpsnøkkelen, mens helsenøkkelen blir lagd til grunn for fordelinga av satsinga på psykisk helse.

Brukarstyrd personleg assistanse

Rett til brukarstyrd personleg assistanse (BPA) for personar under 67 år med langvarig og stort behov for personleg assistanse tar til å gjelda frå 1. januar 2015. Kommunesektoren blir kompensert med 300 mill. kr i 2015 gjennom rammetilskotet til kommunane.

 Investeringstilskot til etablering av heildøgn omsorgsplassar

Det blir føreslått å auka investeringstilskotet til heildøgn omsorgsplassar. Det vert føreslått ein tilsegnsramme på om lag 4 mrd. kr til 2 500 heildøgn omsorgsplassar i sjukeheim og omsorgsbustad i 2015. I tillegg blir det føreslått å heva den maksimale anleggskostnaden per eining.

Fleire dagplassar til demente

Løyvinga til dagaktivitetstilbod til demente blir føreslått auka med 130 mill. kr. Dette legg til rette for 1 070 nye dagaktivitetsplassar for heimebuande personar med demens i 2015.

Øyeblikkeleg hjelp

Øyeblikkeleg hjelp døgntilbod i kommunane blir bygd vidare ut i 2015. Det blir føreslått eit tilskot i 2015 på vel 300 mill. kr til dette.

Avvikling av kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta

Kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta blir avvikla i 2015. Dette inneber at kommunane ikkje lengre skal dekkja ein eigendel for sjukehusopphald for innbyggjarane sine, og at denne utgifta dermed fell bort. Uttrekket frå kommuneramma blir basert på beste overslag for faktiske utgifter i 2015, dvs. utgiftsnivået kommunane ville hatt til oppgåva ved uendra ansvar. Kommuneramma blir derfor redusert med om lag 5,7 milliardar kr i 2015. Trekket for den enkelte kommune er fordelt etter delkostnadsnøkkelen for samhandlingsreforma.

I tillegg blir kommuneramma justert ned med 89 mill. kr for å unngå dobbeltfinansiering ved oppbygging av tilbodet om øyeblikkeleg hjelp.

Barnehage og skule

Meir fleksibelt barnehageopptak

100 mill. kr i veksten i dei frie inntektene til kommunesektoren er grunngitt med arbeid for større fleksibilitet i barnehageopptaket. Satsinga legg til rette for redusert ventetid for ein barnehageplass, særleg for familiar med barn fødde 1. september eller seinare.

Foreldrebetaling i barnehagen

Maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehagar blir føreslått auka med 100 kroner reelt per månad, til 2 580 kroner frå 1. januar 2015. Som følgje av dette blir rammetilskotet til kommunane redusert med 312 mill. kr. Samtidig blir det føreslått eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling som sikrar at betalinga for ein heiltidsplass maksimalt skal utgjere 7 % av ein familie sin samla person- og kapitalinntekt. Dette for å gi ein betre sosial profil på foreldrebetalinga i barnehagen. Det blir tatt sikte på at endringa kan ta til å gjelda frå 1. august 2015. Som kompensasjon for dette blir rammetilskotet til kommunane auka med 111,6 mill. kr.

Kompetansesatsing i skulen og barnehagen

Det blir føreslått å styrkje satsinga på vidareutdanning for lærarar med 144 mill. kr. Styrkinga inneber ein auke på 1500 nye studieplassar til vidareutdanning. Det skal også satsast på kompetanseheving for barnehagetilsette i 2015, og løyvingane til dette formålet blir føreslått auka med om lag 60 mill. kr. Midla til nye studieplassar og kompetanseheving blir løyvde over Kunnskapsdepartementets budsjett.

 Rentekompensasjonsordninga for skule- og symjeanlegg

Ytterlegare 3 mrd. kroner av investeringsramma i rentekompensasjonsordninga for skule- og symjeanlegg blir foreslått fasa inn i 2015. Det blir tatt sikte på at kommunane kan søkja om rentekompensasjon for ei samla investeringsramme på 15 mrd. kr for perioden 2009 - 2016.

 Samferdsel - fylkeskommunane

I saldert budsjett 2014 blei rammetilskotet til fylkeskommunane styrkt med 780 mill. kr, som kan nyttast til å fornya og rusta opp fylkesvegnettet. Midla er fordelte mellom fylkeskommunane på same måte som i 2014, men 2014-beløpet er prisjustert og i tillegg auka med 200 mill. kr.

Fylkeskommunane blir påførde meirutgifter når forskrift om tunnelsikkerheitsforskrift for fylkesveg mv. blir sett i verk. Oppfylling av krava i forskrifta skal utførast etter ein tidsplan og skal vera fullført innan utgangen av 2019. I 2015 blir fylkeskommunane kompenserte med 272 mill. kr.

Det er lagt opp til at Rogaland fylkeskommune i 2015 får 44  mill. kr til opprusting og fornying av fylkesvegnettet og 14,2 mill. kr som kompensasjon pga. forskrift om tunnelsikkerheit.

 Sjå også lenkjer til div. tabellar og dok. i høgremenyen

Lenkje til budsjettstoff KMD

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.