Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2014

Forslag til statsbudsjett blei lagt fram måndag 14.oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på  4,4 % mot  4,1 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2013.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2013

Nokre hovudpunkt i budsjettforslaget:

  • Oppjustering av skatteoverslaget for 2013 med 1 450 mill kr for kommunane. Dette gir ein auke  på  6,2 % i høve til 2012. Men redusert kompensasjonsgrad for ressurskrevjande tenester reduserer samstundes inntektene i 2013 med 215 mill kr.
  • Nominell vekst i kommunanes frie inntekter på 4,7 % i høve til RNB 2013, i høve til rekneskapsoverslag 2013 er veksten 4,1 %. For kommunane i Rogaland samla er tala 5,1 % og 4,4 %.
  • Realvekst i frie inntekter i 2014 for kommunane er nå rekna til 1,1 % i høve til rekneskaps-overslag for  2013. Realveksten byggjer på anslått kostnadsvekst i kommunesektoren (deflator) i 2014 på 3 %. 
  • Redusert skattøyre frå 11,6 til 11,4 %

Ny regjeringssituasjon  tilseier at det endelege økonomiske opplegget blir klart på eit seinare tidspunkt enn det som har vore vanleg dei seinare åra.

Endringar i det økonomiske opplegget for 2013

Skatteanslaget for kommunesektoren er oppjustert med 1,8 mrd. kr frå RNB 2013, av dette 1 450 mill til kommunane.

Skatteoverslag for kommunane for 2013 (mill  kr og vekst frå 2012):

 

Mill kr

Vekst %

Rekneskapstal 2012

119 565  

 

Statsbudsjettet 2013 - 8.10.12:

125 500

5,0

Komm.prp. 2014 - 7.5.13

125 500

5,0

Statsbud. for 2014 - 14.10.13:

126 950

6,2

Deflatoren for 2013 er framleis 3 %.

Sidan meirskatteveksten (utover nivået i mai) i tråd med vanleg praksis ikkje blir vidareført, bør meirinntektene ikkje brukast til å finansiera ordinære driftsoppgåver, men gå til styrking av den finansielle situasjonen eller eigenfinansiering av investeringar.

Realveksten i samla inntekter for kommunesektoren i 2013 er nå rekna til 6,7 mrd kr, eller 1,8 %, av dette frie inntekter 4,2 mrd kr eller 1,4 %.

Tilskotsutbetalingane til ressurskrevjande tenester har auka kraftig, siste året med 1 mrd kr. Frå 2014 blir det føreslått  at statens kompensasjonsgrad blir redusert frå 80 til 77,5 %. For kommunane vil forslaget ha budsjettverknad alt  frå  2013. Utgifter på omlag 215 mill. kr som staten tidligare har dekka, vil bli belasta kommunane i 2013. Innslagspunktet blir prisjustert til 1 010 000 kr.

Meir om det økonomiske opplegget for 2014

Ved berekning av realvekst i kommunesektorens inntekter i 2013 blir det lagt det til grunn ein pris- og lønnsvekst (deflator) i kommunal sektor på 3 %, same som inneverande år. Dette byggjer m.a. på eit lønsvekstoverslag på 3 1/2 % og der løn tel knapt 2/3.

Regjeringa legg opp til realvekst i kommunesektorens samla inntekter i 2014 på 7,7 mrd. kr som er fordelt slik:

  • Frie inntekter                                   5,2 mrd
  • Frie inntekter til nye oppgåver m v.   1 mrd
  • Øyremerka tilskot                            1,2 mrd.
  • Gebyrvekst (volumvekst)                  0,3 mrd.

Realveksten i samla inntekter tilsvarar ein vekst på 2,0 %. Av veksten er 5,2 mrd. kr frie inntekter. Det tilsvarar ein realvekst i frie inntekter på 1,7 %. Dette er i tråd med signala i Kommuneproposisjonen i mai. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå for 2013 i revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2013. Dette er i tråd med vanleg praksis. Veksten i frie inntekter er  fordelt med 4,3 mrd. kr på kommunane og 0,9 mrd. kr på fylkeskommunane.   

Rekna frå anslag på rekneskap 2013 blir realveksten i samla inntekter i neste år 5,9 mrd, og  frie inntekter vel  3,3 mrd kr.

Veksten i dei frie inntektene skal dekka demografivekst med 2,8 mrd kr  og auka pensjons-kostnader som grovt er rekna til 1 ¾ mrd kr. Demografivekst vil seia at kommunane får auka utgifter som følgje av folketilvekst og endringar i alderssamansetjinga. Samla meirutgifter er her rekna til 3,3 mrd og det er lagt til grunn at 2,8 mrd må dekkjast av dei frie inntektene. Av demografiveksten reknar ein at 2,5 mrd gjeld kommunane, tilsvarande overslag er ikkje gjort for pensjon, men ein ”normal” andel ville vera ca 80 %.

Vidare er 500 mill kr grunngitt med  behovet for fornying og opprusting av fylkesvegane, for  kommunane er 180 mill. kr grunngitt med  behovet for særskilt styrking av helsestasjons- og skolehelsetenesta og 27 mill. kr av veksten er knytt til etterutdanning av deltids brannpersonell.

Utover veksten i frie inntekter, føreslår regjeringa auka løyvingar til fleire tiltak innan oppvekst, skole, helse og omsorg og samferdsel. Meir om dette nedanfor.

Skatteoverslaget for 2014 (skatt på inntekt og formue) er 131,2 mrd. kr, dvs. ein vekst på 3,3 % i høve til nye tal for 2013. Den kommunale skattøyren for 2014 er føreslått sett ned med 0,2 % til 11,4 %. Bakgrunnen er målet om å halda skattedelen av samla inntekter på 40 %.

Auka rammetilskot til nye oppgåver og uttrekk pga andre endringar

I tillegg til veksten i frie inntekter er det lagt inn (netto) 1 mrd kr i inntektssystemet til ei rekkje satsingar. I hovudsak er dette tiltak innan barnehage, skole og barnevern. Dei viktigaste endringane for kommunane (sjå også nærare omtale på tenesteområda) :

Maksimal foreldrebetaling i barnehagar, 246 mill. kr. 81,5 mill.kr er kompensasjon for heilårsverknaden av nominell vidareføring av maksimalprisen  i 2013. 163 mill. kr er knytt til reell reduksjon i maksprisen frå hausten 2014.

Opptrapping av tilskotet til ikkje-kommunale barnehagar, 170 mill. kr. Heilårsverknad av 2013-tiltak, minimumstilskotet blei auka frå 92 til  96 % frå 1.8.2013.

Opptrapping mot to barnehageopptak, 241 mill. kr, frå hausten 2014.

Valfag på 9. og 10. trinn , 164 mill.kr. 96 mill. kr er kompensasjon for heilårsverknaden av innføring av valfag på 9. trinn i 2013. 68 mill.kr er knytt til innføring av valfag på 10. trinn frå hausten 2014.

Kulturskoletilbod 1 time i skole/SFO, 106 mill.kr. Dette er også heilårsverknad av 2013-tiltak.

Auka kommunal eigendel  i statlege barnevernsinstitusjonar, 160 mill. kr.

Tilsyn med barn i fosterheim, 15 mill. kr. Dessutan 2,3 mill til samvær under tilsyn.

Det blir trekt ut midlar i rammetilskotet i samband med følgjande endringar:

Verjemålsreforma 66,4 mill kr som er 2. årsverknad av ansvarsendringa i 2013.

Utbygging av tilbod om øyeblikkeleg hjelp, trekk 86 mill kr. Utbygginga er finansiert av øyremerka tilskot og bidrag frå RHFa. Dette inneber ei avlasting av medfinansieringa av spesialisthelsetenesta.

Fleire elevar i statlege og private skolar avlastar rammetilskotet med 80,2 mill kr.

Skjønsmidla på 51,5 mill i 2013 til psykososial oppfølging etter hendingane 22. juli 2011 blir ikkje føreslått vidareført i 2014.

Meir om endringane  etter tenesteområde

Helse- og omsorgstenesta

Helsestasjons-og skolehelsetenesta blir som nemnt styrka gjennom veksten i frie inntekter med  180 mill. kr. Midla inngår i rammetilskotet, men blir fordelt særskilt basert på talet innbyggjarar i alderen 0—19 år. Det blir også føreslått at det blir sett eit minstenivå på 100 000 kr per kommune, slik at mindre kommunar er sikra minimum 100 000  kr av midla.  Fordelinga i 2014 er vist særskilt i tabell C-k  i Grønt hefte.

Omsorgsplan 2015. 

Investeringstilskotet  til etablering av heildøgns omsorgsplassar: For perioden 2008—2015 er målet å gi tilsegn om tilskot til bygging og rehabilitering av 12 000 sjukeheimsplassar og omsorgsbustader med heildøgnstenester. For 2014 blir det føreslått ei tilsegnsramme på 2 020 mill. kr til om lag 2 000 heildøgnsplassar.

Det blir også føreslått å heva den maksimale anleggskostnaden frå 2,8 mill. kr til 2,885 mill. kr. Dei maksimale tilskotssatsane blir dermed heva til 865 500 kr for omsorgsbustader  (30 % av anleggskostnadene) og til  1 154 000 kr for sjukeheimsplassar (40 %  av anleggskostnadene). Prosentsatsane er uendra.

 Samhandlingsreforma / øyeblikkeleg hjelp døgntilbod:

I 2012 fekk kommunane vel 5 mrd. kr til kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og 560 mill. kr til utskrivingsklare pasientar. Desse midla ligg innafor rammetilskotet til kommunane og er prisjustert i  budsjettforslaget for 2014..

Den særskilte kompensasjonen på 305 mill. kr til kommunar som “tapte” på reforma, er prisjustert i 2014. Fordelinga mellom kommunane er den same som i 2012 og 2013. Det er varsla at kompensasjonen skal liggja fast i tre år.

Regjeringa har tidlegare varsla at kommunane frå 2016 får ei lovpålagt plikt til å tilby øyeblikkeleg hjelp døgnopphald. Det er lagt til grunn at det kommunale tilbodet blir bygd opp over ein fireårsperiode fram til plikta trer i kraft. Kommunane kan søkja om tilskot frå Helsedirektoratet det året tilbodet startar opp. Tilskotet dekkjer halvparten av dei totale utgiftene til etablering og drift av tilbodet. Den andre halvparten blir tilført  kommunane direkte frå dei regionale helseføretaka. Kommunanes utgifter til etablering og drift av fullt utbygd tilbod  er anslått til vel 1 mrd. 2012-kr. Midla er planlagt  innlemma i rammetilskotet i 2016.

Det blir føreslått å auka kap. 762, post 62 øyeblikkeleg hjelp (på HODs budsjett) med 140 mill. kr i 2014. I tillegg blir kommunane tilført 140 mill. kr frå dei regionale helseføretaka knytt til dei konkrete samarbeidsprosjekta i 2014.

Etter kvart som øyeblikkelig hjelp-tilbodet blir trappa opp, inneber det ei avlastning av den kommunale medfinansieringa av spesialisthelsetenesta. For å unngå dobbeltfinansiering blir det trekt ut 86 mill. kr av rammetilskotet i 2014.

 Skole

Valfag i ungdomsskolen

I Meld St. 22 (2010—2011) Motivasjon—Mestring—Muligheter blei det varsla at regjeringa ville innføra valfag på ungdomstrinnet. Dette blei fulgt opp med å innføra valfag for 8. trinn frå hausten 2012 og valfag for 9. trinn frå hausten 2013. Frå hausten 2014 føreslår ein å innføra valfag for 10. trinn. Valfag utgjer 1 ½ time på kvart trinn, av dette er  ½ time ny tid, og 1 time er ei omfordeling av eksisterande timetal. Kommunanes meirutgifter i 2014 som følgje av valfag for 10. trinn er rekna til omlag 68 mill. kr (frå hausten 2014).Kommunane blir føreslått kompensert med ein tilsvarande auke i rammetilskotet.

Rentekompensasjon for skole- og symjeanlegg/ kyrkjebygg

I statsbudsjettet for 2009 blei ordninga med rentekompensasjon for rehabilitering av og investering i skole – og symjeanlegg utvida med sikte på å fasa inn ei investeringsramme på

15 mrd. kr over ein åtteårsperiode. Frå 2009 til 2013 er til saman 10 mrd. kr fasa Inn i budsjettet. For 2014 blir det føreslått ei investeringsramme på 1 mrd. kr.

Rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg blir utvida, ved at det i 2014 kan gis tilsegn om rentekompensasjon tilsvarande ei investeringsramme på 500 mill. kr.

Barn og unge

Maksimal foreldrebetaling i barnehage

Det blir føreslått å fastsetja maksimalprisen for ein heiltidsbarnehageplass til  2360 kr per månad. Dette gir ein reell  reduksjon i maksimalprisen på 45 kr per månad. Målet om ein makspris på 1 750 (2005-)kroner skulle dermed vera oppnådd. Kommunane blir føreslått kompensert for meirutgiftene ved ein auke i rammetilskotet på 163 mill. kr.

Opptrapping mot to barnehageopptak i året

Regjeringa vil på sikt innføra to barnehageopptak i året. Det blir føreslått å auka rammetilskotet til kommunane med 241 mill. kr i 2014. Dette gir rom for å etablera 2 900 nye barnehageplassar, som utgjer overslagsvis 1/3 av plassane som trengst  for å innføra to opptak.

Kunnskapsdepartementet vil i samband med at statsbudsjettet for 2014 blir lagt  fram, senda på høyring eit forslag om endringar i barnehagelova. Forslaget inneber ei utviding av den lovfesta retten til barnehageplass, slik at barn som fyller eitt år i september eller oktober neste år, blir sikra barnehageplass.

Kommunalt barnevern

Det blir føreslått å auka det øyremerka tilskotet til  det kommunale barnevernet med ytterlegare 85 mill. kr i 2014. Kommunane skal kunna søkja om midlar til 150 nye stillingar og til kompetanse- og samhandlingstiltak (m.a. ved interkommunalt samarbeid).

Det blir også føreslått å auka rammetilskotet til kommunane med 15 mill. kr i 2014 som kompensasjon for ei endring i  barnevernlova. Endringa inneber at dagens ordning for tilsyn med barn i fosterheim blir erstatta med eit meir profesjonalisert og tydelegare kommunalt forankra tilsyn, jf. Prop. 106 L (2012—2013) Endringer i barnevernloven. Lovendringa trer i kraft 15. juli 2014 for å gi kommunane  god nok  tid til å førebu seg til den nye tilsynsplikta. Heilårseffekten av lovendringa  er anslått til 32 mill. kr i 2015.

Kommunale eigendelar for institusjonsplassar i barnevernet

Den kommunale eigendelen ved institusjonsplassering blir føreslått auka med 1/3 frå 1.1.2014, til om lag  50 000 kr per månad per barn. Det blir lagt  opp til at satsen vil bli auka ytterlegare i 2015 og 2016. Kommunesektoren blir føreslått kompensert med ein auke i  rammetilskotet på omlag 160 mill. kr.

Refusjonsordninga for barneverntiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar

Det blir føreslått å innføra ei kommunal medfinansiering på  10 %  av utgiftene over Innslagspunktet ( som er føreslått til 16 050 kr pr mnd  i 2014) for statleg refusjon av utgifter til barneverntiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar. Det er anslått at dette vil kunna innebera ein reduksjon i refusjonsutbetalingane på 120 mill. kr i 2014.

Nasjonal  tilskotsordning mot barnefattigdom

Det blir føreslått å oppretta ei nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom som har som mål å gjera det mogleg for fleire fattige barn og unge å delta  i ferie- og fritidsaktivitetar.  Ordninga blir retta mot alle kommunane i landet og vil bli regulert i eit eige rundskriv. Det blir føreslått ei løyving på 96 mill. kr i 2014.

Busetjing og integrering av flyktningar

Tilskotet til utleigebustader til vanskelegstilte blir føreslått  styrka med 67 mill. kr, og den totale ramma for tilskotet vil då vera  572 mill. kr i 2014.

Satsane for integreringstilskotet  går fram av budsjettproposisjonen for BLD.

Utdanning av deltidsbrannpersonell

For å leggja til rette for å auka utdanninga av deltidsbrannpersonell blir det føreslått det at 36 mill. kr blir fordelt særskilt innanfor rammetilskotet med utgangspunkt i talet på deltidsbrannpersonell i kvar kommune. Der det er vertskommunesamarbeid om brannvesen,  blir midla fordelt til vertskommunen. Det blir lagt til grunn at vertskommunane syter for at midla kjem alle kommunane i samarbeidet til gode. Fordelinga i 2014 er vist særskilt i tabell C-k i  Grønt hefte.

Midla kan brukast til å dekkja kommunanes eigne utgifter til  utdanninga og ei kursavgift som blir fastsett av Norges brannskole. Kor lenge fordelinga skal vara vil bli vurdert i samanheng med overgangsordninga for forskriftskrav til deltidspersonell i brannvesenet og den vidare behandlinga av NOU2012:8 Nyutdanning for nye utfordringer—Helhetlig Utdanningsmodell for fremtidig personell i brannvesenet.

Pensjonskostnader

Pensjonskostnadene blir rekna som kommunesektorens eige ansvar.  Vekst i pensjonskostnadene utover det som blir kompensert gjennom deflatoren må dekkast av dei frie inntektene.

Pensjonspremiane har auka sterkt dei siste åra. Dette skuldast sterk lønsutvikling og lågrente. I tillegg kjem oppkapitalisering av pensjonsfonda pga auka levealder, som medfører auka pensjonspremiar.

KRD har strama inn føresetnadene for berekning av pensjonskostnader for 2014  (rundskriv av 12.9.2013). Forholdstalet mellom diskonteringsrente og lønnsvekst er redusert med 0,1 - frå 1,1 til 1,0. Forventa avkastning på pensjonsmidla er redusert med 0,35 %-poeng. Dette bidrar til at kostnadsnivået over tid vil samsvara betre med premienivået, og redusera premieavvika.

I tillegg aukar amortiseringskostnadene i 2014, som følgje  av premieavviket i 2013. Samla bidrar dette til  ein kostnadsvekst i 2014 på 1 ¾  mrd. kr utover det som blir kompensert gjennom deflatoren.  Overslaget er grovt og usikkert.

Utviklinga i premier og kostnader har de siste årene medverka til eit akkumulert premieavvik på over 28 mrd. kr. For å handtera denne utviklinga har KRD sendt ut på høyring eit forslag om å redusera amortiseringstida for premieavvik oppstått  i 2014 og seinare. Det blir her føreslått ein reduksjon frå 10 år til anten 5 eller 7 år.  Høyringsfristen er januar 2014.

Statsbudsjettet 2014 - vidare prosess

Ny regjering vil truleg leggja fram forslag til endringar i Prop.1 på fredag 8.november.

Ifølge Stortingets forretningsorden skal finanskomiteen gi innstilling om budsjettrammene for 2014 inkludert fordeling på utgiftsområda innan 20.november. Stortinget treff vedtak om dette i finansdebatten som blir halden tysdag 26.november.

Finanskomiteen måtte tidlegare gi innstilling om kommunal skattøyre og rammetilskot innan 20.november. Dette medførte at kommunesektorens frie inntekter (skatteinntektene og rammetilskota) blei endelig vedtatt i finansdebatten (rundt 27.november). Frå i år kan finanskomiteen gi innstilling om skatteopplegget og den kommunale skattøyren noko seinare. Samtidig er ansvaret for behandling av rammetilskotet overført til kommunalkomiten. Dette inneber at kommunesektorens frie inntekter vil bli fastsett noko seinare enn før.

Som tidlegare vil fagkomiteane i Stortinget gi innstilling om fordeling av løyvingane på budsjettpostane i dagane og vekene etter finansdebatten. Alle vedtak om statsbudsjettet 2014 må treffast  innan 15. desember.

Vi vil prøva å gi oppdatert informasjon så snart som råd.

Lenkje til presentasjon frå KRD

Tabellar frå Grønt Hefte, sjå i menyen til høgre, eller bruk denne lenkja til alle tabellar og forklaringar

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.