Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2012

Forslag til statsbudsjett for 2012 blei lagt fram torsdag 6. oktober. Regjeringa legg opp til at det høge aktivitetsnivået i kommunesektoren kan vidareførast. - Iverksetjing av samhandlingsreforma blir likevel krevjande for kommunane, seier fylkesmann Harald Thune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.10.2011

Vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget i statsbudsjettet. Samhandlingsreforma er viktigaste oppgåveendringa i 2012. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 4,4 % mot 4,3 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2011.

Vi minner elles om at KS Rogaland har ein konferanse om statsbudsjettet i Haugesund torsdag 20. oktober.

Hovudpunkt i budsjettforslaget

  • Oppjustering av skatteoverslaget for 2011 med 800 mill kr for kommunane. Dette gir ei endring på minus 4,7 % frå 2010.
  • Realvekst i 2012 i frie inntekter for kommunane 3,15 mrd kr eller vel 1 % rekna frå RNB 2011. Dette skal gi rom for å dekka kostnader knytt til demografiutvikling og auka pensjonskostnader.
  • Samhandlingsreforma trer i kraft i 2012, og det blir overført 5,6 mrd. kroner til rammetilskotet. Dette kjem i tillegg til inntektsveksten

Det samla budsjettopplegget for 2012 legg til rette for ein balansert økonomisk utvikling, men handlingsrommet i budsjettpolitikken er begrensa og ein er nøydd til å halda att på pengebruken. Kommunesektoren er likevel prioritert og kommuneopplegget legg til rette for at det høge aktivitetsnivået i kommunesektoren kan vidareførast. I tillegg kjem særskilte satsingar på enkelte område.

Endringar i det økonomiske opplegget for 2011

Skatteoverslaget for kommunesektoren er oppjustert med 1 mrd. kr frå statsbudsjettet 2011 og RNB 2011, av dette 800 mill til kommunane.

Skatteoverslag for kommunane for 2011 (mill kr og vekst frå 2010):

  Mill kr Vekst % frå rekneskap 2010
Rekneskapstal 2010 115 695  
Statsbudsjettet 2011 - 5.10.10 108 470 -6,2 
Komm.prp. 2012 - 13.5.11 109 430 -5,4 
Statsbud. for 2012 - 06.10.11 110 230 -4,7 

(Negativ vekst har samanheng med redusert skattøyre for 2011 for å nå målet om 40 % skattedel av samla inntekter, rammeoverføringa blei oppjustert)

Deflatoren for 2011 er uendra i høve til RNB 2011, dvs 3,4 %.

Vekstoverslaget for samla inntekter for kommunesektoren i 2011 er nå 5,5 mrd. kr, vekstoverslaget for frie inntekter 1,6 mrd. kr. Begge er 1 mrd høgare enn i revidert nasjonalbudsjett, noko som har samanheng med det auka skatteoverslaget.

Det økonomiske opplegget for 2012

Ved berekning av realvekst i kommunesektorens inntekter i 2012 blir det lagt det til grunn ein pris- og lønnsvekst (deflator) i kommunal sektor på 3,25 pst. Dette byggjer m.a. på eit lønsvekstoverslag på 4 pst og der løn tel knapt 2/3.

Regjeringa legg opp til realvekst i kommunesektorens samla inntekter i 2012 på 5 mrd. kr. Dette tilsvarar 1,4 pst og er i tråd med det som blei varsla i mai. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå for 2011 i revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2011. Dette er i tråd med vanleg praksis.

Av veksten i samla inntekter er 3,75 mrd. kr frie inntekter, ein realvekst på 1,3 pst, av dette gjeld 3,15 mrd kommunane. Dette er rekna frå RNB 2011, rekna frå overslag rekneskap 2011 er veksten om lag 2,7 mrd kr. Kommunane får behalda dei ekstra skatteinntektene i 2011 på 800 mill kr, men dei blir ikkje vidareført og ein bør derfor ikkje nytta desse ekstrainntektene til varige driftsutgifter.

Veksten i frie inntekter må sjåast i samanheng med auka utgifter for kommunesektoren knytt til den demografiske utviklinga. Berekningar utført av Det tekniske berekningsutvalet for kommunall økonomi (TBU) i mars indikerte at kommunesektoren kunne få meirutgifter i 2012 på om lag 2,5 mrd. kr knytt til den demografiske utviklinga. Nye folketalsframskrivingar av SSB i juni inneber ei oppjustering av meirutgiftene til om lag 2,9 mrd. kr. Den delen av kommunesektorens meirutgifter knytt til demografiutviklinga som må dekkjast av frie inntekter kan reknast til om lag 2,5 mrd. kr. Av dette gjeld om lag 2,2 mrd kr kommunane.

I tillegg vil kommunesektoren få auka pensjonskostnader i 2012 på overslagsvis 1 mrd. kr. Av dette gjeld ca 850 mill kr kommunane (Oslo åleine står for ca 350 mill kr). Dette må også dekkjast av veksten i dei frie inntektene.

Auka demografi- og pensjonskostnader tek dermed bortimot heile inntektsveksten. Kompensasjons-ordninga for negative utslag av samhandlingsreforma på 350 mill kr (jf nedanfor) ligg også inne i veksten i frie inntekter og inneber ei omfordeling mellom kommunane. Det heiter i proposisjonen at arbeidet med omstilling og effektivisering av den kommunale verksemda framleis må prioriterast.

Regjeringa føreslår at den kommunale skattøyren for personlege skattytarar blir sett til 11,6 prosent for 2012. Det er ein auke på 0,3 prosentpoeng frå 2011. Skattøyren er tilpassa føresetnaden om at skattedelen av dei samla inntektene for kommunane skal utgjera ca 40 prosent.

Frie inntekter - kommunaneNominell vekst i 2012, rekna frå overslag på rekneskap 2011 korrigert for oppgåveendringar

  2011 mill. kr 2012 mill. kr  % endring
Skattar i alt 118 065 123 130 4,3
– av dette skatt på inntekt og formue 110 230 115 180 4,5
Rammetilskot 106 007 110 458 4,3
Sum frie inntekter 224 072 233 678 4,3

Nominell vekst i 2012, rekna frå overslag på rekneskap 2011 korrigert for oppgåveendringar

Regjeringa føreslår å auka maksimumsgrensa i eigedomsskatten for kraftverk, jf pressemelding frå Finansdepartementet.

Det blir også føreslått å auka fleksibiliteten i eigedomsskattelova ved å innføra eit nytt utskrivingsalternativ: faste eigedommar i heile kommunen, unnateke verk og bruk og annan næringseigedom. (jf kap. 20 i Prop.
1 LS (2011-12).

Samhandlingsreforma – økonomiske virkemiddel og finansiering

Samhandlingsreforma vil tre i kraft frå 1. januar 2012. Ny lov om folkehelsearbeid og ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester trer i kraft frå same dato.

Samhandlingsreforma er ein retningsreform der ein siktar mot ei gradvis overføring av oppgåver over fleire år. Dei økonomiske virkemidla som følgjer reforma i 2012 er:

1) 5 mrd. kroner blir overført til kommunal medfinansiering:

Basert på faktiske aktivitetstal for 2010 blei medfinansieringsdel i kommuneproposisjonen 2012 anslått til 4,2 mrd. kroner. Oppdatert talgrunnlag viser at beløpet skal vera noko høgare og
det blir derfor overført 5 mrd. kroner frå dei regionale helseføretaka til kommunane.
Midla blir overført som frie inntekter.

2) 560 mill. kroner blir overført til kommunane som frie inntekter knytt til utskrivingsklare pasientar:

I tråd med det som ble varsla i kommuneproposisjonen blir det overført 560 mill. kroner frå helseføretaka til kommunane i samband med betalingsansvaret for utskrivingsklare pasientar. Beløpet baserer seg på ein døgnsats per opphaldsdøgn på 4 000 kroner og 140 000 liggjedøgn. Dette er basert på gjennomsnittleg tal liggjedøgn for utskrivingsklare pasientar i perioden 2007-2009. Etter to år vil ein i samarbeid med KS vurdera anslaget på liggjedøgn, og ev. justera måltalet fram mot 2016.

Midla til kommunal medfinansiering og utskrivingsklare pasientar blir fordelt etter ein eigen kostnadsnøkkel i inntektssystemet. Nøkkelen blei presentert i kommuneproposisjonen for 2012, og består av alderskriteria som er vekta saman med bakgrunn i korleis dei faktiske utgiftene (sjukehusforbruk) fordeler seg mellom ulike aldersgrupper. Vi ser for eksempel at utgiftene er høgare for den eldre delen av befolkninga, og eldre aldersgrupper er derfor vekta relativt høgare enn yngre aldersgrupper.

3) 305 mill. kroner til kompensasjonsordning:

I sum blir det overført nok midlar til å dekka utgiftene ved kommunal medfinansiering og utskrivingsklare pasientar. For enkeltkommunar kan det likevel vera noko avvik mellom historisk sjukehusforbruk (dvs: ei tenkt regning om kommunane hadde hatt ansvaret dei siste åra) og fordelinga som blir gitt gjennom kostnadsnøkkelen.

Innanfor veksten i dei frie inntektene er det sett av 305 mill. kr til kompensasjonsordninga. Dei kommunane som dei siste åra har hatt høgare forbruk innan kommunal medfinansiering og utskrivingsklare enn det dei vil få når midla blir fordelt over kostnadsnøkkelen, vil derfor i ein overgangsperiode få ein eigen kompensasjon.

Midla vil bli gitt ein eiga fordeling utanfor utgiftsutjamninga, såkalla tabell C fordeling, og vil gå fram av Grønt hefte. Fordelinga vil liggja fast i tre år.

4) 262 mill kroner til å starta oppbygginga av plasser til augeblikkeleg hjelp / døgnopphald.

Dette er ei plikt som etter planen vil tre i kraft frå 1. januar 2016. Oppbygginga vil bli trappa gradvis opp over dei neste fire åra. Finansieringa av denne oppbygginga blir fordelt på to kjelder. 50% av beløpet blir fordelt som øyremerka tilskott etter søknad (retningslinjer blir klare til nyttår). 50% blir tilført konkrete prosjekt gjennom krav om direkte bidrag frå dei regionale helseføretaka til kommunane.

I tillegg kan kommunane søkja Husbanken om investeringstilskot til dette formålet. Dette følgjer då søknadsprosedyren til tilskotsordninga til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.

Kva er status for samhandlingsreforma og kva skjer vidare dei neste månadene?

  • Stortingsmelding og lover som dannar grunnlag for iverksetting av reforma er vedtatt av Stortinget.
  • Forskrift er sendt på høyring med høyringsfrist 6. oktober.
  • Helsedirektoratet har utreia og kome med forslag til oppgjersordning.
  • Arbeid med rettleiar for lovpålagte avtalar er ferdig og blei publisert på Helse- og omsorgsdepartementets nettsider 4. oktober. Frist for inngåing av avtalar er fastsett til 31.1/ 1.7.
  • I løpet av desember vil eit forvaltingssystem for kommunal medfinansiering og utskrivingsklare pasientar vera klart. Dette vil bl.a. innebera:
  • Tydeleg informasjon til kommunane om kva behandlingar dei skal betala for
  • Ei betalingsordning for enkeltoppgjer mellom kommunar og helseføretak
  • Rettleiingsopplegg for betalingsordninga og tolking av datainformasjon

Vi viser elles til informasjon på nettsidene til HOD og Helsedirektoratet. Det vil bli etablert ei spørsmål- og svarteneste om praktiske spørsmål hos Helsedirektoratet: komfin@helsedir.no.

Omsorgsplan 2015

Det blir føreslått ei tilsegnsramme på 1 202 mill. kr til 1 500 heildøgns omsorgsplassar.

Det blir også føreslått eit nytt øyremerka tilskot til etablering av dagaktivitetstilbod for demente på HODs budsjett. 150 mill. kroner skal gi rom for 2 300 dagaktivitetsplassar og gi eit dagtilbod til rundt 5 000 personar med demens.

Årsverk til dagtilboda blir dekka innafor veksten i frie inntekter, og er innafor måltalet på 12 000 årsverk innan 2015 i Omsorgsplanen.

Ressurskrevjande tenester

Innslagspunktet for toppfinansieringsordninga blir oppjustert til kr 935 000 for 2012, kompensasjonsgraden er framleis 80 %. Kriteria for psykisk utviklingshemma har fått redusert vekt frå 2011 og gir redusert trekk i berekninga og dermed auka tilskot for ressurskrevjande. Rammetilskotet er derfor redusert med 230,5 mill kr.

Skule

Regjeringa føreslår innføring av 1,5 timar valfag på 8. trinn frå hausten 2012.

Kommunale meirutgifter i 2012 er berekna til 64,6 mill. kroner, og det blir føreslått at kommunane blir kompenserte for meirutgiftene gjennom ein tilsvarande auke av rammetilskotet.

Ein tek sikte på å utvida tilbodet til 9. trinn frå hausten 2013 og 10. trinn frå hausten 2014.

Når det gjeld rentekompensasjonsordninga for skule- og symjeanlegg føreslår regjeringa å fasa inn nye 2 mrd. kroner av ramma i 2012, noko som har ein budsjetteffekt på 70 mill. kroner. Frå innføringa av den nye ordninga i 2009 til og med 2012 vil 9 mrd. kroner (av total ramme på 15 mrd.) vera fasa inn i budsjettet.

Barnehage

Regjeringa føreslår å vidareføra maksimalprisen for foreldrebetaling på same nominelle nivå som i år: 2330 kr per mnd. for ein heiltidsplass. Det blir derfor føreslått å løyva 240,6 mill. kr til dette over rammetilskotet.

Når det gjeld opptrappinga av likeverdig behandling føreslår Regjeringa å auka minimumstilskotet til ikkje-kommunale barnehagar frå 91 til 92 pst. frå 1. august 2012. Det blir føreslått å løyva 28,5 mill. kroner til formålet over rammetilskotet.

Det blir føreslått å leggja om kontantstøtteordninga, slik at ordninga blir avvikla for toåringar frå 1. august 2012 og at det frå same tidspunkt blir innført aldersdifferensierte satsar for eittåringar. Satsen for barn i alderen 13–18 månader blir føreslått auka til kr 5 000 per månad, medan det for barn i alderen 19–23 månader blir føreslått at dagens sats på kr 3 303 per månad blir vidareført.Som kompensasjon for auka barnehageetterspørsel som følgje av omlegginga blir rammetilskotet til kommunane auka med 91,9 mill. kroner i 2012.

Barnevern

Regjeringa føreslår å øyremerka vel 290 mill. kr til det kommunale barnevernet i 2012, ein auke på 50 mill. frå 2011.

Auken gir rom for 70 nye stillingar i barneverntenesta og til rettleia praksis av nyutdanna og nytilsette i barnevernet.

Midla blir fordelt av fylkesmannen etter søknad frå kommunane.

Saman om ein betre kommune

Regjeringa har inngått ein samarbeidsavtale med KS, Fagforbundet, Unio, YS og Akademikerne om programmet "Saman om ein betre kommune."

Samarbeidet er ei vidareføring av intensjonane i Kvalitetskommuneprogrammet. Programmet skal bidra til å stimulera arbeidet kommunane gjer for gode tenester til innbyggjarane. Programmet vil gå ut 2015.

Hovedtema for samarbeidet vil vera sjukefråvær, kompetanse og rekruttering, heiltid/deltid og omdømme. Gjennom lokale prosjekt skal programmet generera kunnskap og erfaring om desse tema som skal formidlast/spreiast til andre norske kommunar.

Over 100 kommunar søkte om deltaking i programmet. 25 prosjekt, med til saman 31 kommunar, har blitt tatt opp i programmet, og ytterlegare 25 prosjekter vil bli tatt opp i løpet av året.

Ein tek sikte på å ta opp ytterlegare 50 prosjekt/kommunar 1. januar 2013.
Kommunane vil få delta i nettverk og samlingar og få tilskot til prosjektarbeid.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.