Kommuneøkonomidagen 29. mai

Kommuneproposisjonen for 2013, ”Fredericia-modellen” og effektiv meldingsutveksling i helsesektoren var tema på Kommuneøkonomidagen tysdag 29. mai.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.12.2012

Ekspedisjonssjef Erik Kjeldstadli i Kommunal- og regionaldepartementet presenterte innhaldet i kommuneproposisjonen for 2013. Kommuneproposisjonen er eit årleg stortingsdokument som gir signal om det økonomiske opplegget for komande år, og som orienterer om aktuelle saker for kommunesektoren. Når det gjeld det generelle økonomiske opplegget neste år så legg Regjeringa opp til ein realvekst i frie inntekter for kommunane på ca 4,2 mrd kr. Dette kjem på toppen av auka skatteinntekter i år på 1,9 mrd kr.

Seniorrådgivar Børre Stolp frå KS presenterte proposisjonen og den økonomiske situasjonen i kommunane ut frå KS sin synsstad. KS er slik vi forstår det meir nøgd med opplegget enn tidlegare år, men ein viser også til at utgiftene kan auka meir enn føresett pga fleire brukarar av tenester, auka forventningar og vedlikehaldsetterslep.

Stavanger kommune har fått skjønsmidlar til utviklingsprosjekt for å prøva ut ”Fredericia-modellen” innan eldreomsorg. Prosjektleder Bente Gunnarshaug orienterte. Poenget er ”Lengst mulig i eget liv” og ein legg vekt på rehabilitering, oppfølging, førebygging og tidleg innsats. Dei eldre skal behandlast som einskildmenneske. Det er aktuelt å samarbeida med andre kommunar i distriktet.

KS har fått PwC til å gjennomføra eit prosjekt om ”Kostnader og gevinster ved elektronisk meldingsutveksling”. Samhandlingsreforma aktualiserer dette. Mellomstore og store kommunar kan venta investeringskostnader på 1,1 mill til 2 mill kr. Av dette utgjer direkte utlegg i samband med meldingsutveksling ca. 0,3 til 0,75 millioner kr. Men gevinsten er også stor, i form av auka kvalitet og pasienttryggleik. Dagleg leiar i KS Hordaland Astrid Toft orienterte.

Vi viser elles til vedlagde lysark.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.