Kommuneøkonomidagen 2017: Færre kommunar på ROBEK-lista

Det økonomiske opplegget for 2018, omstilling i Haugesund og kommunal bustadpolitikk var tema på Kommuneøkonomidagen i Stavanger 30. mai 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.06.2017

Kommuneproposisjonen er eit årleg stortingsdokument som gir signal om det økonomiske opplegget for komande år, og som orienterer om aktuelle saker for kommunesektoren.

- Brukbart økonomisk handlingsrom

Statssekretær Grete Ellingsen var innleiar for Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) om opplegget for kommuneøkonomien i kommuneproposisjonen for 2018, og tok også for seg status for kommunereform- og regionreformarbeidet. Det har vore eit brukbart økonomisk handlingsrom for kommunesektoren dei siste åra, og talet på ROBEK-kommunar går ned

Demografi og avlastardom

Spesialrådgjevar Sigmund Engdal innleia for KS om kommuneproposisjonen og økonomisk status i sektoren. Det har gått noko betre for norsk økonomi, men rentebotnen er truleg nådd og auka demografikostnader vil melda seg for fullt om få år. Kort forklart får ein del kommunar både fleire eldre og ungar i skule- og barnehagealder. Ressurskrevjande tenester viser framleis ein auke, og «avlastardommen» kan medføra auka kostnader.

Omstilling etter Terra-saka i Haugesund

Haugesund har vore gjennom ein lang periode med økonomisk ubalanse etter «Terrasaka». Gjennom ymse grep, slik som m.a. å utnytta potensialet i eigedomsskatten og å bruka «godt nok» som prinsipp for tenestestandard (kortsiktig nedjustering av kvalitet), har ein endeleg klart å koma ut av uføret. Omorganisering og aktiv involvering er også viktige element. Rådmann Ole Bernt Thorbjørnsen orienterte.

Bolig for velferd

Kommunane har eit ansvar for vanskelegstilte på bustadmarknaden og det er lagt fram ein nasjonal strategi «Bolig for velferd 2014 – 2010». Statlege aktørar som NAV, Bufdir, Kriminalomsorgsdirektoratet, Helsedirektoratet, IMDI og Husbanken bidrar med å leggja til rette, m.a. gjennom ymse tilskotsordningar. Rigmor Kvia de Waard orienterte.

Momskompensasjon framleis eit heitt tema

Ei viktig gruppe i denne samanheng er psykiatriklientar og rusmisbrukarar. Skattedirektoratet har innført ein ny og restriktiv praksis når det gjeld momskompensasjon for slike bustader og krev tilbakebetaling av store beløp. Dette har blitt tatt opp med Finansdepartementet, og ein har ein gjennomgang sist i RNB for 2017, men utan å gå inn på rus/psykiatribustader. Dette må derfor truleg takast opp igjen. Stein Kittelsen, økonomisjef i Klepp la fram dette.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.