Kommuneøkonomi og kommunereform. Lysarka frå Kommuneøkonomidagen 21.mai

Det økonomiske opplegget for 2016 og oppgåvemelding/ kommunestruktur var tema på Kommuneøkonomidagen på Victoria Hotel 21.mai 2015.

Statssekretær Per-Willy Amundsen var innleiar for Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) og spesialrådgjevar Sigmund Engdal for KS om kommuneproposisjonen for 2016.

Kommuneproposisjonen er eit årleg stortingsdokument som gir signal om det økonomiske opplegget for komande år, og som orienterer om aktuelle saker for kommunesektoren.

Amundsen meinte forslaga om vekst i frie inntekter (realvekst kommunane  4 til 4,5 mrd. kr)  neste år gir rom for ytterlegare utbygging av det kommunale tenestetilbodet. Lenkje til presentasjon. Meir om kommuneopplegget også her.

Engdal la vekt på fallande økonomisk vekst generelt og gjeldssituasjonen, skatteutvikling  og den økonomiske balansen i kommunane, og her også utslag fylkesvis og kommunevis. Ein må rekna med auka utgifter til sosialhjelp framover. Lenkje til presentasjon.

Oppgåvemeldinga og kommunereform.

Oppgåvemeldinga i samband med kommunereforma blei lagt fram 20. mars.

Statssekretær Per-Willy Amundsen var innleiar også om oppgåvemeldinga og om status for kommunereformarbeidet, m.a. om avklaringar om dei økonomiske verkemidla og når det gjeld konsekvensar for statlege støtteordningar.

Regiondirektør Helene Arholm presenterte KS sitt syn på oppgåvemeldinga. KS meiner meldinga peikar i rett veg, men at den ikkje går langt nok. På ein del område kan kommunane ta større ansvar. Ein er i mot spreiing av ansvaret for det vidaregåande skuleverket.

Stavanger kommune er representert i KS storbynettverk og økonomidirektør Kristine Hernes la fram nettverket sitt syn på oppgåvemeldinga. Ein er tilfreds med at regjeringa opnar for at vidaregåande opplæring og kollektivtransport kan overførast til dei største bykommunane.

Ordførar Mons Skrettingland i Hå var positiv til forslaga i meldinga, men stilte spørsmål ved at ansvaret for skatteinnkrevinga blir føreslått overført til staten i ein annan prosess. Han meinte også det var uklart kor grensa går for «store kommunar» når det gjeld overføring av fylkeskommunale oppgåver og var ikkje for å leggja ansvar for VGS  utanfor fylkeskommunen.

Stortingsrepresentant Siri Meling minna om at det er 50 år sidan kommunekartet blei endra og at det er mykje som har endra seg i denne tida.  Ho viste også til dei positive erfaringane då Ølen blei flytta til Rogaland og «nye» Vindafjord blei etablert.

Prosessrettleiar Anfinn Rosnes gjorde greie for status her  i  fylket  for kommunereformarbeidet. Lengst er ein komen i Forsand/Strand/Hjelmeland der ambisjonen er å koma med i 1. runde. Via ei nettløysing vil ein få oppdatert kommunevis status.

Kontaktpersonar