KOSTRA og kommunal styring

Lysarka frå KOSTRA-seminaret 8. april 2010 kan lastast ned her. Hovudtema i år var kva forsking seier om korleis kommunane brukar resultatmåling i styringssystem og kva nytte ein meir spesifikt kan ha av data om kommunal eigedomsforvaltning og IPLOS (individbasert pleie- og omsorgsstatistikk).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.01.2013

KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering) er eit nasjonalt informasjonssystem som gir informasjon om kommunal tenesteyting. Talmaterialet er av interesse ikkje berre for kommunepolitikarar og kommuneadministrasjonen, men også for folk flest sidan alle brukar kommunale tenester.

Fylkesmannen i samarbeid med KS og NKK lokalt brukar å arrangera eit seminar kvar vår der vi set rapportering og bruk av data i samanheng og med aukande vekt på bruk av data i kommunal styring. Det var i år rundt 90 deltakarar, noko som må reknast som rekord.

Eit viktig poeng med KOSTRA (som nå har vore drive i full skala sidan 2001) var å leggja til rette for meir mål- og resultatstyring i staden for regelstyring. Jostein Askim har skrive dr.avhandling om bruk av resultatleiing og drøfta på basis av forsking korleis resultatmåling kan gi betre kommunar og kva som må til for å få dette til å fungera. Eit stort fleirtal av dei vel 300 kommunane i undersøkinga nyttar målstyring eller resultatstyring og med aukande grad av rapportering til politisk nivå. Rundt halvparten av kommunane har tatt i bruk balansert målstyring. Det er lite innslag av belønningsordningar i kommunane knytt til prestasjonar, men straff og belønning kan føra til at ein tilpassar rapporteringa. Timinga av resultat-informasjon er viktig, ei utfordring er elles m.a. å unngå for sterk fokus på gjennomsnitt i staden for variasjon i prestasjonar.

Rapportar om dårleg vedlikehaldsstatus for kommunale bygg og anlegg og auka fokus på energikostnader har ført til at kommunal eigedomsforvaltning er tatt opp som særskilt område i KOSTRA-rapporteringa frå og med 2008. Målet er å gi relevant styringsinformasjon for dette feltet, ma. ved at det nå blir rapportert inn opplysningar om areal for kommunale bygg slik at ein kan få samanliknbare tal for ressursbruk. Det blir dermed også grunnlag for samarbeid i nettverk om dette feltet, slik det nå blir gjort i storbynettverket der Stavanger og Sandnes er med. Det er eit mål å trekkja inn tilstand på bygg i analysearbeidet, men dette vil krevja ein del utviklingsarbeid.

Eit anna område som er nytt i KOSTRA er IPLOS. IPLOS står for individbasert pleie- og omsorgsstatistikk og er eit pseudonymt individbasert register over brukarar og søkjarar av pleie- og omsorgstenester. Formålet er då å få eit nyansert og riktig bilde av denne sektoren, m.a å sjå tenestetilbod og tenestebehovet brukarane har i samanheng. IPLOS-registeret er nå grunnlaget for data i KOSTRA om brukarar av desse tenestene. I tillegg til at opplysningar kan hentast i KOSTRA, vil kommunane i løpet av 2010 også få tilgang på lokale sumrapportar i IPLOS-systemet. Men mindre kommunar kan oppleva å få eit mindre detaljert datagrunnlag fordi kategoriar under 5 personar blir ”prikka” av SSB (verdiar blir uteletne) av personvernomsyn.

Effektiviseringsnettverka i regi av KS er eit tilbod til kommunar som ønskjer å samarbeida om forbetringsarbeid basert på samanlikning av KOSTRA-data (og andre datakjelder). 185 kommunar deltek nå i 35 nettverk. Aktiviteten har vore relativt låg i Rogaland dei siste åra bortsett frå Stavanger og Sandnes, men Randaberg og Sola er med i eit nystarta nettverk innan pleie og omsorg og Time og Gjesdal i eit nytt nettverk for helsestasjonstenesta.

Skal ein ha brukbare data å arbeida med, må rapporteringa inn til SSB fungera godt.
Som vanleg ligg kommunane i fylket relativt godt an, men det er forbetringspotensiale, særleg når det gjeld kommunale føretak (KF) og IKS. Når tenester blir skilde ut i føretak og IKS med eigne rekneskap, vil rekneskapen for kommunekassa ikkje gi eit rett bilete av
den kommunale ressursbruken. Konserntala skal fanga opp dette, men då er det viktig at alle KF og IKS kjem med og blir rapportert på rett måte.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.