Analyseverktøy - førebels KOSTRA-tal for 2014

Vi legg fram ein ny versjon av eit samanlikningsverktøy for kommunal økonomi og tenesteyting, oppdatert med førebels KOSTRA-tal for 2014.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.04.2015

Førebels KOSTRA-tal for kommunal økonomi og tenesteproduksjon for 2014 blei publisert av Statistisk sentralbyrå 16. mars. For å auka nytteverdien av dette materialet legg vi ut ein del tabellar med der ein kan samanlikna seg med  andre kommunar og seg sjølv over tid.

Analyseverktøyet kan brukast av alle som treng rask tilgang til ferdigdefinerte analysar av KOSTRA-tal. Verktøyet er utforma slik at det er brukaren som sjølv vel ut kommunar og type tenester som skal analyserast.

Styringsarka for samanlikningsverktøyet er i utgangspunktet lagt ut med data for kommunenr 1101 Eigersund og 1119 Hå for åra 2012-2014, vidare fylkes- og landstal for 2014. i dei gule felta kan ein fritt kan velja år og eit felt der ein kan velja kommune (basert på kommunenr.) og kommunegruppe, fylke og tal for heile landet.

Merk at det er brukt nedtrekksmenyar i dei gule styringscellene (klikk på cella og pila som kjem opp). Vi ber om tilbakemelding dersom ein får problem med å opna reknearka.

Grunnstrukturen i analyseverktøyet er utarbeidd av Helge Holthe hos Fylkesmannen i Nord-Trøndelag.

Lenkjer til reknearka:

Kostraområde A. Finans

Kostraområde B. Behovsprofil 

Kostraområde C1 Barnehage (konsern)

Kostraområde D1. Grunnskole (konsern) 

Kostraområde F. Pleie og omsorg

Kostraområde E1. Kommunehelse (konsern) 

Kostraområde G1. Sosialtjenesten (konsern)

Kostraområde H1. Barnevern (konsern) 

Rekneskapsoversikter

Lenkje til SSB/KOSTRA

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.