Gjeldsbøra i kommunane aukar

Rekneskapa for kommunane i fylket for 2010 er samla sett prega av noko svakare handlefridom i drifta og at gjeldsgraden aukar meir enn landet. Dette kan svekka grunnlaget for kommunale tenester i tida framover.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.09.2011

Svakare handlefridom

Kommunane i fylket har hatt ei noko betre økonomisk stilling enn landet under eitt dei seinare åra. Dette kan knytast til betre inntektsutvikling enn landet, men også til nøktern økonomiforvalting. Folketilveksten har også vore ein god del høgare enn landet og dette påverkar skatteinntektene, men også utgiftene, dei nye innbyggjarane treng kommunale tenester. Dei siste to åra har takten i folketilveksten halde fram, medan inntektsveksten har stagnert i høve til landet. Samstundes aukar netto finansutgifter, jf nedanfor. 2010 var første året på lenge at handlefridomen i drifta, målt gjennom netto driftsresultat i høve til driftsinntektene, var svakare for fylket samla enn for landet.

Auka gjeldsbelasting

Eit anna trekk i utviklinga dei siste to åra er at gjeldsgraden har auka ein god del (lånegjeld i høve til driftsinntektene). Gjeldsnivået har tidlegare vore ein del under landet og ligg framleis der, men skilnaden minkar. Med svakare handlefridom i drifta som følgje av auka renter og avdrag vil det bli vanskelegare å finansiera investeringar av eigne midlar. Ein blir også meir sårbar ved renteauke, noko som bør påreknast. Dersom ein ønskjer å halda oppe investeringsnivået vil lånefinansieringa måtta aukast og ein kan få ein vond sirkel ved at renter og avdrag aukar og reduserer handlefridomen endå meir. Ein effekt kan også vera nedskjeringar i tenestetilbodet.

Det er ikkje all lånegjeld som tyngjer like mykje, somme lån blir finansiert gjennom kommunale avgifter og det er kompensasjonsordningar for visse typar lån. Men særleg i ein situasjon der handlefridomen i drifta går ned, er det etter vårt syn grunn til å leggja sterkare vekt på gjeldsbelastinga ved vurderingar av investeringsopplegg i tida framover.

Kommunaløkonomisk statistikk

Ein meir utførleg gjennomgang av kommuneøkonomien i fylket basert på tal frå rekneskapa for 2010 og utviklingstrekk dei seinare åra, finn du i vedlagde rapport.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.