Fylkesmannen om nytt inntektssystem

I desember i fjor sende Kommunal- og moderniseringsdepartementet ut forslaget til nytt inntektssystem for kommunane på høyring. Fylkesmannen i Rogaland har merknader til fleire element i framlegget. 

Det blir føreslått å gradera basistilskotet for å gjera inntektssystemet meir nøytralt i høve til kommunestruktur. Kommunar som er «frivillig små» etter strukturkriteriet, får då reduksjon i basistilskotet. Det kan verka urimeleg å få trekk i basistilskotet dersom nabokommunen takkar nei til å danna ny kommune, fordi denne kommunen ikkje får trekk. Utrekningar tyder på at det kan bli fleire slike tilfelle berre i Rogaland. Vi kan derfor ikkje rå til at kriteriet blir innført slik det nå er utforma.

Negativ effekt også for dei mellomstore

Generelt ser kriteriet ut til å slå ut negativt for dei mellomstore kommunane, sjølv om dei kan ha ein rasjonell storleik når det gjeld tenesteyting. Også dette tilseier etter vårt syn at utforminga av kriteriet bør vurderast meir nøye.

Heile uttalen vår finn du i høgremargen.