Framleis svak skattevekst

Ved utgangen av mai viser skatteinngangen i rogalandskommunane ein vekst på berre 1,3 prosent i høve til same tidsrom i fjor. Landsgjennomsnittet er 3,4 prosent.
Ved utgangen av mai viser skatteinngangen i rogalandskommunane ein vekst på berre 1,3 prosent i høve til same tidsrom i fjor. Landsgjennomsnittet er 3,4 prosent.

Den svake skatteinngangen i kommunane held fram. Ved utgangen av mai er det ein vekst på berre 1,3 prosent i høve til same tidsrom i fjor, mot 3,4 prosent for landet. Inngangen i Stavanger dreg ned, men også kommunane samla utanom Stavanger ligg under landet.

 

Skatteinngang t.o.m. mai

 
 

(vekst i % frå året før)

 
 

2013

2014

2015

Eigersund

16,4

4,8

-1,2

Sandnes

11,1

5,2

1,2

Stavanger

9,7

0,2

0,7

Haugesund

11,7

1,3

1,1

Sokndal

12,8

-4,0

0,8

Lund

3,9

-0,6

3,4

Bjerkreim

11,6

-1,3

3,2

10,3

3,2

1,3

Klepp

13,1

-1,0

3,2

Time

15,8

2,8

1,8

Gjesdal

9,5

6,9

-1,0

Sola

11,1

4,5

7,1

Randaberg

11,4

3,4

-0,3

Forsand

-4,8

7,7

0,9

Strand

10,1

4,6

-1,0

Hjelmeland

3,0

1,9

0,0

Suldal

0,6

-0,6

0,5

Sauda

4,2

2,9

14,2

Finnøy

10,2

5,8

-3,2

Rennesøy

16,4

3,8

0,2

Kvitsøy

7,5

5,3

3,3

Bokn

3,3

3,2

1,0

Tysvær

11,7

2,1

1,2

Karmøy

10,0

2,3

1,0

Utsira

12,0

3,6

-6,9

Vindafjord

23,3

-21,8

-0,8

Rogaland

10,7

1,7

1,3

Rogaland u. Stvgr.

11,3

2,6

1,7

Landet

7,5

1,6

3,4

Det er nærliggjande å sjå svikten i samanheng med lågare aktivitetsnivå og der arbeidsløysa nå er komen opp på landsnivå.

Rogaland er det einaste fylket som har nedgang i samla skatteinngang pr. 31. mai, med ein reduksjon på 2,6 prosent. Når den kommunale delen av skatten likevel aukar, kan dette m.a. sjåast i samanheng med at toppskatten går til staten.

Mai er ein viktig skattemånad og tala kan derfor gi eit haldepunkt for kva som blir den samla skatteinngangen i år. I fjor hadde ein fått inn  50,3 prosent  av samla skatt for 2014 på dette tidspunktet. I kommuneproposisjonen er skatteoverslaget for 2015 nedjustert til 4,6 prosent vekst, og inngangen pr. mai  kan tyda på at det blir vanskeleg å nå dette. Samla for kommunane i fylket er det opphavleg budsjettert med ein skatteauke på 4,9 prosent, men ein del kommunar har justert ned skatteoverslaget seinare.