Bra skattevekst også i 2013

Kommunane i Rogaland hadde også i fjor betre skatteutvikling enn landet. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.02.2014

Tal for skatteinngangen i kommunane i 2013 ligg nå føre. For kommunane i fylket var det ein vekst i skatteinntektene på 8,8 % i fjor, mot 5,7 % for landet. Dette er betydeleg meir enn det var rekna med ved starten av budsjettåret. Frå Finansdepartementet har det vore operert med desse vekstoverslaga for 2013:

Statsbud.2013 Okt. 2012

RNB 2013     mai 2012

Statsbud.2014 Okt. 2013

 Faktisk 2013

5,0 %

5,0 %

6,2 %

5,7 %

 Best utvikling i 2013 hadde Sauda og Vindafjord, svakast hadde Suldal og Utsira. Ofte vil sterk vekst eitt år følgjast av svakare vekst det neste.

 

Vekst i 2013 %

Vekst i 2012 %

Vekst i 2011 %

Vekst i 2010 %

Vekst i 2009 i %

Skattenivå 2013 i % av landet (100)

Eigersund  

13,9

3,4

-5,2

4,6

8,4

102,1

Sandnes

10,2

9,2

-3,4

7,8

8,1

115,5

Stavanger 

6,7

8,7

0,2

10,8

1,6

147,0

Haugesund

8,8

8,4

-2,7

1,8

5,1

101,3

Sokndal

9,0

7,5

-3,6

7,3

2,2

91,1

Lund

5,7

8,5

-10,4

10,7

1,4

81,5

Bjerkreim

8,3

12,2

-3,4

1,2

9,4

91,5

Hå            

7,3

11,6

-4,7

4,3

9,0

92,3

Klepp

11,8

7,0

-0,6

7,4

6,5

104,0

Time   

11,9

8,3

-2,0

6,5

8,8

106,7

Gjesdal

8,0

9,8

-2,6

8,1

6,2

98,0

Sola

11,7

6,4

2,3

5,5

2,7

138,1

Randaberg

11,4

8,5

-0,9

5,3

0,2

124,2

Forsand

3,1

7,8

-4,9

2,1

4,7

145,7

Strand   

10,0

7,7

-3,7

7,1

5,9

95,7

Hjelmeland

2,5

7,0

-2,3

1,6

6,3

123,8

Suldal

-0,2

3,8

-0,4

0,1

1,2

133,8

Sauda

25,5

-4,2

-6,1

6,0

2,8

108,3

Finnøy

10,0

11,4

5,9

6,0

11,7

102,8

Rennesøy

9,9

11,0

3,1

12,6

-1,3

113,0

Kvitsøy

9,1

2,7

1,0

3,5

4,8

90,4

Bokn

4,8

12,5

1,3

2,3

3,9

88,6

Tysvær

5,4

7,3

0,9

4,5

10,7

91,4

Karmøy

7,5

5,1

-6,2

8,7

4,4

89,4

Utsira

-1,5

2,7

-2,7

28,1

-3,6

100,8

Vindafjord 

17,2

8,4

0,7

3,8

12,3

117,1

Rogaland

8,8

8,0

-1,6

7,7

4,6

118,3

Landet

5,7

6,8

-3,2

6,7

5,9

100,0

Rog. u. Stvgr.

9,9

7,7

-2,6

6,1

6,2

106,8

 Nedgangen i 2011 har samanheng med at det kommunale skattøyret blei redusert.

Nivået for fylket når det gjeld skatteinntekt (inkl. selskapsskatt t.o.m. 2008) pr. innbyggjar viser følgjande utvikling: (% av landet)

2013

2012

2011

2010

2009

2008

2007

2006

2005

2004

118,3

115,8

114,8

113,6

113,1

115,2

115,5

111,6

105,9

105,0

 Utviklinga er eit utslag av at kommunane i fylket samla stort sett har hatt betre skatteutvikling enn landet.

 Ein bør sjå skatteutviklinga også i samanheng med inntektsutjamninga i rammeoverføringa frå staten. Kommunar med skattenivå over snittet for landet blir trekt i rammeoverføringa og kommunar som ligg under landsnivået får eit tillegg. For fylket er samla nivå for skatt og inntekts-utjamning på 106,1 % av landsnivået i 2013. Samla for fylket gir inntektsutjamninga eit negativt utslag på  1 381  mill kr, men 9 av kommunane tener på ordninga, dvs. dei som har lågare skatteinntekt pr innbyggjar enn landssnittet. Dei største ”bidragsytarane” i inntektsutjamninga i 2013 er Oslo med 2 902 mill kr, Bærum med 977 mill og Stavanger med 953 mill. Fredrikstad er den kommunen i landet som får mest, 245 mill kr, ein del meir enn kommunane i Finnmark samla.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.