Bra skattevekst i landet, svakare i Rogaland

Skatteinngangen ved utgangen av september viser ein vekst på 8,2 % for landet, men berre 2,8 % for kommunane i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.10.2016

Ved utgangen av september er det  ein vekst i høve til same tidsrom i fjor på 8,2 % for landet, men berre 2,8 % for Rogaland. Noko av forklaringa er ein feil i skatterekneskapen for Sauda i fjor. Held ein Sauda utanom blir veksten 3,4 %, som framleis er godt under landet. Stavanger med 1,2 % dreg ned fylkestala, og held ein begge desse kommunane utanom er veksten 4,6 %. Berre Forsand og Vindafjord har betre skattevekst enn landet.

I statsbudsjettet for 2017 er skatteoverslaget for landet for 2016 oppjustert til 8,6 %. Årsaka til meirskatteveksten er truleg ekstraordinært store uttak av utbytte til personlege skattytarar, noko som ein reknar med dreier seg om tilpassingar i forkant av skattereforma frå 2016. Dette er dermed eingongsinntekter. Det kan sjå ut til at effekten er  mindre i Rogaland, for den einskilde kommune vil det elles ofte vera variasjonar av meir innkrevjingstekniske grunnar.

Kommunevise tal:

 

 Vekst 14-15 %

 Vekst 15-16 %

Eigersund

2,1

4,5

Sandnes

2,7

3,5

Stavanger

3,1

1,2

Haugesund

2,9

4,2

Sokndal

1,3

4,7

Lund

5,7

5,8

Bjerkreim

3,8

7,2

3,5

6,6

Klepp

2,6

5,7

Time

3,1

6,7

Gjesdal

2,8

5,4

Sola

7,9

3,0

Randaberg

2,2

3,5

Forsand

2,2

11,9

Strand

1,5

6,3

Hjelmeland

4,0

3,9

Suldal

1,3

1,6

Sauda

58,9

-43,2

Finnøy

-0,8

4,4

Rennesøy

4,0

5,3

Kvitsøy

4,1

-1,0

Bokn

3,2

2,5

Tysvær

3,0

3,8

Karmøy

2,8

5,1

Utsira

0,0

-13,6

Vindafjord

2,2

8,8

Rogaland

3,7

2,8

Landet

5,2

8,2

Rogaland u. Sauda

                        3,2

                         3,4

Utan Sauda og Stvgr.

                        3,2

                         4,6

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.