Val til folkevalde organ 2019

Snart er det tid for konstituerande møte for nye kommunestyre og val til andre kommunale folkevalde organ. På same tid trer ny kommunelov i kraft. 

 

 

Saman med ny kommunelov er det vedteke nye forskrifter og utarbeida nye rettleiarar m.m. På denne nettsia har Fylkesmannen i Rogaland samla forskrifter, rundskriv og anna rettleiing som det er nyttig  å ha kjennskap til i forkant av det konstituerande møtet og gjennomføring av val til folkevalde organ i 2019. 

Blir det lange dagar med forhandlingar og førebuingar i forkant av det konstituerande møte i oktober, foreslår vi at de tek ein pause med Fylkesmannen sin kahoot om val og valbarheit til formannskap og andre folkevalde organ. Kanskje lærar de noko nytt?

 

KMD med fråsegn om skriftlege avstemmingar

I kommunelova av 1992 § 35 nr. 5 gjekk det fram at ved val og tilsettingar kunne kvart enkelt medlem krevja skriftleg avstemming (hemmeleg val). Det er ikkje gitt ein tilsvarande bestemmelse i kommunelova av 2018. KMD har kome med ei tolkingsuttale der dei konstaterer at ny lov ikkje opner for dette. Heile uttalen finn de i høyremarga under dokument. 

KMD med fråsegn til koml. § 23-1 tolking av uttrykket "gruppe"

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg i tolkingsuttalen til grunn at ein med utrykket "gruppe" i kommunelova § 23-1 andre ledd  "Lederen kan ikke være medlem av samme parti eller tilhøre samme gruppe som ordføreren." sikter til parti eller gruppering i kommunestyret. De finn heile tolkningsuttalen i høgremarga. 

 

KMD med fråsegn om krav til journalføring av skriftleg samtykke

Etter kommunelova (2018) § 7-2 andre ledd er det eit krav for at ein person skal vere valbar til organ nemnt i fysste ledd at han eller ho har samtykka skriftleg til å stilla til val. Kommunal- og moderniseringsdepartet har kome med ein uttale rundt krava til journalføring av slike skriftlege samtykke. Du finn uttalen i høgremarga på denne sida.