Kommunal- og moderniseringsdepartementet avslår søknad om utgreiing av grensejustering mellom Karmøy og Haugesund

Aksjonsgruppa fastlands-Karmøy tok initiativ til å få utgreidd ei grensejustering av fastlands-Karmøy til Haugesund kommune. Det ønsker ikkje Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.04.2020

Departementet meiner at ei grensejustering ikkje i tilstrekkeleg grad svarer på utfordringane på Haugalandet. Det blir peikt på at endringar i kommuneinndelinga skal skapa formålstenlege einingar som kan gje innbyggjarane og næringslivet tilfredsstillande tenester og næringsliv.

Initiativ alt i 2016

Aksjonsgruppa tok opphavleg initiativ etter reglane i inndelingslova § 8 til at det skulle setjast i gang utgreiing av spørsmålet om fastlands-Karmøy burde grensejusterast og bli overført til Haugesund kommune i 2016. I påvente av arbeidet med kommunereforma blei saka utsett. I 2019 tok aksjonsgruppa på nytt kontakt med Fylkesmannen i Rogaland og gjorde det klart at dei ønskte at Fylkesmannen tar stilling til spørsmålet.

Karmøy negativ, Haugesund positiv

Fylkesmannen bad kommunane om å uttale seg til initiativet. Karmøy kommune var negativ til å starta ei utgreiing av spørsmålet mens Haugesund kommune var positiv. Då kommunane ikkje var samde, blei saka sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I brev av 24. april avslår departementet søknaden. Du kan lesa departementet si grunngjeving i sin heilskap i brevet som er lagt ved denne artikkelen.

Kan klagast på

Departementet si avgjerd kan påklagast av den som har initiativrett og som kom med framlegget, etter reglane i forvaltningslova kap VI.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.