Rettleiing og avgjerder om habilitet og inhabilitet

Etikk i kommunalforvaltninga er eit viktig tema som står høgt på dagsorden. Verdiar som openheit, rolleklarleik og etisk medvit er sentrale tema for å sikra innbyggjarane si tillit til kommunane. Fylkesmannen mottek ofte spørsmål knytt til habilitet for medlem i kommunale organ. I kolonna til høgre finn de departementet si rettleiar om reglane om inhabilitet i forvaltningslova og kommunelova, og eksempler på avgjerder frå Fylkesmannen der habilitet er tema.

Habilitet i kommuner og fylkeskommuner - Rettleiar gitt ut av Kommunal- og regionaldepartementet i 2011, som gir ein grundig gjennomgang av reglane om inhabilitet i forvaltningslova og kommunelova.

Tau Fort - Lovlegkontroll av Fylkesmannen. Spørsmålet er om kommunestyret sitt vedtak medlem som var medlem i interesseforeninga Tau fort, og gjennom denne hadde eit stort engasjement i sak om tilrettelegging av friområde ved Tau fort, var ugild til å treffe vedtak i saka. Fylkesmannen kom til at den aktuelle foreninga ikkje var part i saka, og heller ikkje at representanten eller nokon han hadde nær tilknyting til hadde hatt ein "særlig fordel, tap eller ulempe" ved vedtaket. Fylkesmannen var fann likevel at det kunne vere "andre særegne forhold" som kunne føre til at representanten var ugild, og at kommunestyret sjølv var nærast til å vurdere dette. Kommunestyret si avgjerd om inhabilitet var etter dette ikkje ulovleg. 

Fylkesveg 45 - Fem kommunestyrerepresentanter vart vurdert ugilde av kommunestyret etter forvaltningslova § 6 andre ledd om "andre særegne forhold" fordi dei var tilsette eller i slektskap med tilsette i eit selskap som ville bli hardt råka økonomisk ved ei eventuell stenging av FV 45. Fylkesmannen var ikkje samd i kommunestyret si vurdering og peika på at ein stenging sannsynlegvis også ville få tilsvarande konsekvensar for andre verksemder. Det var såleis ikkje ein "særlig ulempe". Det vart og peika på at det var snakk om å gi ei uttale i saka, og at det kunne vere grunn for å leggja ei mildare vurdering til grunn i slike saker, enn når det er tale om ei avgjerd.