Fylkesmannen; ingen inngåande kontroll av kommunale disponeringar

Fylkesmannen gjennomfører ein teknisk kontroll av budsjetta og økonomiplanen til alle kommunane. Lån og investeringar krev ikkje godkjenning, så lenge ikkje kommunen er i ROBEK-registeret.

Terra-investeringane i fleire kommunar reiser spørsmål om kva kontroll fylkesmennene har med kommunale budsjett, lån og investeringar. Fram til 2000 var fylkesmennene pålagt å kontrollera budsjett og låneopptak i alle kommunar. I 2001 blei godkjenningsordninga avgrensa til å gjelda berre Robek-kommunane (ROBEK: Register Om BEtinget godkjenning og Kontroll), det vil seia kommunar som ikkje har balanse i økonomien.

Per dags dato har Rogaland ingen kommunar som er underlagt statleg kontroll og godkjenning. Fylkesmannen har då ikkje ansvar for å gjera ein inngåande kontroll av budsjett, lån og investeringar.

Alle kommunane sender inn sine budsjett og økonomiplanar til oss, og vi gjennomfører ein teknisk kontroll. I praksis kontrollerer vi at budsjetta går i null. Kommunar som ikkje lukkast i få budsjettet i balanse, må vi melda inn i Robek-registeret.

Kommunane pliktar å orientera Fylkesmannen om budsjettet sitt, men kommunane kan elles ta opp lån og investera sine midlar utan Fylkesmannens godkjenning så sant økonomien er i balanse, og sjølvsagt innanfor dei reglane som kommunelova fastset.

Kommunelova seier også at kommunane skal forvalta sine midlar slik at dei kan oppnå ein tilfredsstillande avkastning, men utan at det gir vesentleg finansiell risiko. Fylkesmannen har ikkje i oppgåve å vurdera dei finansielle plasseringane som kommunen gjer.

Kontaktpersonar