Endringar i kommunelova og offentleglova

Stortinget vedtok 2. desember 2014 endringar i kommunelova og offentleglova som gjeld frå 1. januar 2015. Endringane omhandlar mellom annan innbyggjarforslag og revisor si teieplikt.

Innbyggjarforslag

Innbyggjarane kan fremje forslag til kommunestyret på visse vilkår, jf. kommunelova § 39 a. Minst 2 prosent av innbyggjarane må stå bak forslaget. Likevel er det tilstrekkeleg med 300 underskrifter frå folk som bur i kommunen. For å sikre ei brei politisk drøfting av innbyggjarforslaget kan det behandlast i andre utval og råd før behandling i kommunestyret. Men det er kommunestyret som skal gjere den endelege behandlinga av innbyggjarforslaget. Ordninga har skifta namn frå innbyggjarinitiativ til innbyggjarforslag.

Revisor si teieplikt

Revisor er no omfatta av forvaltningslova sine reglar om teieplikt, jf. kommunelova § 78 nr.7.  Tidlegare har revisor hatt teieplikt om alt vedkomande har fått vite gjennom oppdraget frå kommunen. Forvaltningslova sikrar likevel at revisor også i framtida har teieplikt om det som er nødvendig.

Det er lagt inn ein ny heimel i offentleglova § 5 anna ledd som gjer det mogeleg å utsetje offentleg innsyn i førebelse revisjonsrapportar inntil endeleg rapport ligg føre.

Aktuelle lenkjer

Lovproposisjonen

Innstilling frå Kommunal- og forvaltningskomiteen