Kommunalrett

Kommunelova gir kommunar og fylkeskommunar stor fridom til å organisere verksemda si, berre dei held seg til reglane i forvaltningslova, offentlegheitslova og dei enkelte særlovene.

Det er viktig å balansere kommunalt sjølvstyre og lokaldemokrati mot nasjonale likskapsprinsipp og rettstryggleik, som skal gjelde for alle innbyggjarane i landet.

Fylkesmannen har mynde til å kontrollere verksemda i kommunane. Tre eller fleire medlemmer av eit kommunestyre kan saman sende ei avgjerd til Fylkesmannen for å få kontrollert at ho er lovleg. Fylkesmannen kan dessutan på eiget initiativ ta opp saker til lovleg­kontroll. Fylkesmannen kontrollerer at vedtaket har komme til på lovleg vis, at det er gjort av riktig organ, og at innhaldet i avgjerda er i samsvar med gjeldande lover og reglar.

Vis meir


19.12.2019

Utforming av nye forskrifter i kommunane

I ny kommunelov er det krav om at kommunestyret skal gi forskrift om dei folkevalde si rett til dekning av kostnader og økonomisk tap (§8-3), arbeidsgodtgjersle (§8-4), ettergodtgjersle (8-6) og permisjonar. Kravet om forskriftsform er nytt.

16.12.2019

Lovlegkontroll: Sokndal må gjennomføra nyval av formannskap

Fylkesmannen opphevar kommunestyrets vedtak om val av formannskap for perioden 2019-2023. Kravet til kjønnsbalanse på den eine lista var ikkje oppfylt «så langt det er mulig».

11.10.2019

Konsekvensar av at det er gjennomført skriftleg val av ordførar og varaordførar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har dei siste dagane motteke mange spørsmål om val av ordførar og varaordførar etter den nye kommuneloven. Fleire kommunar har valt ordførar og varaordførar ved skriftleg avstemming, noko som ikkje lenger er lov. 

09.09.2019

Val til folkevalde organ 2019

Snart er det tid for konstituerande møte for nye kommunestyre og val til andre kommunale folkevalde organ. På same tid trer ny kommunelov i kraft.     

08.07.2019

Ny rettleiar om konstituerande møte etter valet

Kommunelova inneheld ei rekke føresegner om folkevalde organ og kva som skal skje i kommunen og fylkeskommunen etter val til nye kommunestyre og fylkesting. I denne rettleiaren forklarar departementet nærare om alle føresegn som gjeld valet av medlemer til ulike folkevalde organ og kven som kan veljast.

16.11.2018

Digital melding om val av nye forliksrådsmedlemmer

Nå kan kommunene sende digital melding om val av nye forliksrådsmedlemmer og oppnevning av mellombels stedfortreder Det er utvikla to nasjonale elektroniske skjema for forliksråda.

30.03.2017

Fylkesmannens rolle i grensejusteringssaker

Fylkesmannen har så langt i år mottatt éin søknad knytt til justering av kommunegrensa i ein kommune som inngår i kommunereforma (Forsand). Saka er utsett, men ikkje lagt vekk.

14.07.2016

Val av medlemmer til forliksråda 2017-2020

Val av forliksråd skal haldast innan 15. oktober året etter kvart kommunestyreval. Valet gjeld for fire år frå januar det påfølgjande året. 

26.02.2016

Informasjonsmøte om kommunale delegeringsreglement 25. februar 2016

Det var 32 deltakarar frå 19 kommunar med på møtet som blei arrangert av Fylkesmannen i Rogaland i Statens hus. I høgremargen  finn du presentasjonen om delegering av avgjerdsmakt.

24.09.2015

Rundskriv om konstituering etter valet

Kommune- og fylkestingsvalet 2015 er unnagjort, nå skal dei ulike verva fordelast i kommunane og fylkeskommunane. Lovverket skal sikra at dette skjer på rett måte.

Fleire nyhende