Skjønsmidlar til innovasjon og fornying i kommunane 2017

Det skal også i år tildelast skjønsmidlar til gjennomføring av innovasjons- og fornyingsprosjekt i kommunane etter søknad. Midlane vil bli tildelt av restramma på 6,6 mill. kr som er tenkt skal gå til dette formålet i hovudsak. Søknadsfristen er 2. mai.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.01.2017

Etter andre tildeling av skjønsmidlar, jf. her, står det att 6,6 mill. kr som i hovudsak er tiltenkt dette føremålet, men som også kan bli brukt til restskjøn, jf. nedanfor. Kor mykje av dette som vil gå til innovasjon og fornying er avhengig av at det kjem inn mange nok gode søknader. Det vil også bli lagt opp til ein brei prosess der KS lokalt vil bli trekt inn i vurderinga av søknadene. Bakgrunnen for innovasjonssatsinga er ikkje minst at den demografiske utviklinga, særleg veksten i talet på eldre, vil gi store utfordringar for mange kommunar. Det er derfor viktig å finna nye løysingar.

Innovasjon er definert som prosessen med å utvikla nye idear og realisera dei slik at dei gir meirverdi for samfunnet. Kortversjonen er at det skal vera noko nytt for kommunen, det skal vera nyttig og det skal vera nyttiggjort.

Det har blitt stramare tider for kommunane i fylket dei siste par åra. Dette understrekar ytterlegare at innovasjon er viktig.

Innovasjon kan vera kjend eller ny kunnskap kombinert på ein ny måte eller brukt i ein ny samanheng. For kommunane vil dette innebera at det kan vera innovasjon å kopiera gode løysingar frå andre kommunar eller i andre land – men at ein tek det i bruk på sin eigen måte i sin kommune. Dei kommunale oppgåvene femner over eit vidt spekter og dette gir høve til å finna løysingar på tvers av tradisjonelle fag- og sektorgrenser.

Vi viser elles til vedlagde utdrag frå retningslinjene for skjønstildeling.

KMD har gitt pålegg om at minst 5 %  av den samla skjønsramma skal haldast tilbake til hausten 2017, dvs. 3,35 mill. kr. Det vil derfor bli fordelt 3,25 mill. kr til innovasjonsprosjekt i første omgang. Det er meininga at resten på 3,35 mill. kr i det vesentlege skal gå til innovasjon, men fordelinga vil då skje i oktober.

Sola kommune inviterer elles til  ein innovasjonskonferanse for kommunane i fylket måndag 24. april. Påmelding via  nettsidene til KS og Fylkesmannen.

2. Andre tilhøve

Generelt skal skjønstildelinga (hovudramma) ivareta spesielle lokale forhold, som kommunane ikkje kan påverka sjølv og som ikkje blir ivaretatt godt nok i inntektssystemet og  gjennom andre faste tilskotsordningar. Dette kan vera tilhøve som er uføresette, mellombels eller meir langvarige.  Ramma som nå er att på 6,6 mill. kr skal i utgangspunktet gå til innovasjons- og fornyingsprosjekt som nemnt ovanfor, men i særlege tilfelle kan også andre utgiftsbehov trekkjast inn.

3.Korleis ein søkjer om skjønsmidlar

Det er innført eit nytt elektronisk søknadssystem frå og med i år, jf. nedanfor.

Det er viktig at det kjem klart fram kva som er målet, korleis gjennomføringa skal skje, framdriftsplan, kontaktperson, kostnader og finansiering.

Søknadsfristen er 2. mai 2017.

For prosjekt som har fått støtte tidlegare, må ein gjera greie for framdrift og kva ein har oppnådd så langt.

For prosjekt som er avslutta i 2016 og tidlegare år og der ein ikkje har rapportert før, må ein rapportera gjennom vanleg post om kva som er oppnådd innan 15. april 2017. For prosjekt som er tildelt midlar gjennom den elektroniske søknadsportalen i 2016 rapporterer ein via portalen. For prosjekt som ikkje er avslutta skal det gis ein undervegsrapport.

Ny, elektronisk søknadsprosedyre

Søk om rolle

Gå til:

https://prosjektskjonn.fylkesmannen.no

Søkjar i kommunar må nytta Idporten og må leggja inn

•             Førenamn

•             Etternamn

•             E-postadresse

•             Telefonnummer

•             Rolle – Søker

•             Kommune  (obligatorisk)

 

Førespurnad blir då sendt til saksbehandlar hos Fylkesmannen.

Ta kontakt dersom det oppstår problem.

Vedlegg

Utdrag frå  ”Retningslinjer for skjønnstildelingen 2017”  - Kommunal- og moderniserings-departementet

«2.3. Prosjektmidler

Fylkesmannen har mulighet til å gi en del av skjønnsrammen som støtte til fornyings- og innovasjonsprosjekter i kommunene. Formålet med prosjektmidlene er å gi kommunene støtte til å prøve ut nye løsninger på sine utfordringer. Midlene skal med andre ord fungere som risikoavlastning for kommunene for å kunne jobbe med fornying og innovasjon. Prosjektenes formål må være å styrke kommunen i rollene som tjenesteprodusent, myndighetsorgan, lokaldemokratisk arena eller som samfunnsutvikler. Prosjektene kan omfatte alle tjenesteområdene i kommunen.

2.3.1 Krav til tildeling av prosjektmidler

For at fylkesmannen skal kunne tildele prosjektmidler, må innholdet i prosjektene oppfylle følgende krav:

  • Prosjektmidlene kan benyttes til fornyings- og innovasjonsprosjekter. Det skal ikke gis støtte til prosjekter som handler om utføring av kommunale driftsoppgaver, eller prosjekter som er en del av det ordinære kommunale utviklingsarbeidet.
  • Prosjektene skal være i kommunal egenregi. Det vil si at det er kommunene selv som må initiere og drive prosjektene.
  • For å få tildelt prosjektmidler må kommuner i søknaden kunne vise til en gjennomtenkt og realistisk prosjektplan. Kommunen må beskrive sine utfordringer godt, og kunne vise til klare målsetninger for hva de ønsker å oppnå med prosjektet. Kommunen må også begrunne valget av virkemidler/løsninger som skal testes ut i prosjektet.
  • Fylkesmannen skal ikke gi støtte til rene næringsutviklingsprosjekter da dette vil kunne overlappe med fylkeskommunens virkemidler og skape uklarhet om ansvarsfordelingen mellom fylkesmannen og fylkeskommunen. Med mindre det ikke foreligger en ekstraordinær situasjon, skal skjønnsmidlene ikke benyttes til å støtte interne strukturelle omorganiseringer av varig karakter. Alle søknader som må behandles etter forsøksloven skal oversendes departementet.

2.3.2 Krav til fylkesmannens oppfølging av prosjekter

For å sikre overføringsverdi mellom kommunene og en bevisst pengebruk skal resultatene av prosjektene dokumenteres, og fylkesmannen skal gjøre en skriftlig vurdering av prosjektene og hvilken overføringsverdi de har til andre kommuner. Fylkesmannens rapportering skal skje i den integrerte søknads- og rapporteringsdatabasen for prosjektskjønnet (ISORD).

Fylkesmannen skal videreformidle resultatene fra prosjektene til andre kommuner og stimulere til læring og erfaringsutveksling mellom kommunene og på tvers av fylkesmannsembetene, eksempelvis gjennom å bidra til at det finnes gode læringsarenaer. Fylkesmannen kan vurdere å bruke skjønnsmidler til, i samråd med kommunene, å evaluere prosjekter kommunene har gjennomført, for eksempel som grunnlag for erfaringsdeling.»

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.