Søknad om løyve til peling og sprenging i sjø ved Nesvik - Statens vegvesen, Region vest


Høyringsfrist 06. mars 2019 00:00

Fylkesmannen i Rogaland har motteke søknad frå Statens vegvesen Region vest om løyve etter forureiningslova § 11 jf. § 16. Søknaden gjeld peling og sprenging i sjø ved Nesvik, eigendomen 19/20 i Hjelmeland kommune.

Søknaden omfattar sprenging av berg og peling med 33 stk borede peler. Føremålet med tiltaket er å etablere doble ferjekai og hurtigbåtkai for ferjesamband Nesvik-Sande.

Søknaden vil bli lagd ut til høyring i Hjelmeland kommune, Kommunehuset, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland.

Uttale frå interesserte kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no, innan 4 veker frå utleggingstidspunktet.

Sjå søknad og høyringsdokument i lenkene til denne nettsaka.