Høring av søknad om arbeid i sjø - Kongsteinsanlegget - Eigersund kommune


Høyringsfrist 08. oktober 2018 23:59

Fylkesmannen har motteke søknad frå Eigersund Næring og Havn KF om løyve etter forureiningslova til arbeid i sjø ved Kongssteinanlegget (eigedom 7/324 i Eigersund kommune).

Søknaden gjeld mudring av ca. 2 500 kubikkmeter forureina sjøbotnsediment, samt utfylling og peling i sjø i samband med bygging av ein ny kai. Tiltaket vil ha følgjer for eit sjøbotnareal på ca. 1 400 kvadratmeter.

Sedimenter i området er forureina med blant anna TBT, nikkel, sink, PCB og PAH-forbindelsar. Det er ikkje registrert viktige naturtypar i tiltaksområdet, men det er registrert fleire nær-trua og trua fugleartar på holmane i nærleiken. Tiltaksområdet ligg i inn- og utvandringsruta til laks og sjøaure frå Bjerkreimsvassdraget. Søkjar planlegg å bruke  siltgardin for å hindra spreiing av forureina sedimenter.

Sjå høyringsbrev og søknad med vedlegg i lenka til denne nettsak.

Uttalar til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til 8. oktober 2018.