Green Mountain AS søker løyve til utfylling i sjø Hodne næringsområde


Høyringsfrist 30. november 2018 00:00

Green Mountain AS har søkt løyve etter forureiningslova til utfylling ved anleggsområdet i Rennesøy kommune. Søknaden vert lagt ut på offentleg høyring til 30. november.

Søknaden omfattar utfylling av ca. 4000 m3 sprengsteinmassar. Tiltaket vil røre ved eit samla sjøbotnareal på ca. 800 m2. Føremålet med tiltaket er å leggje til rette for næringsbygg og utfylt areal er regulert til næringsbygningar. Sedimenta i området er forureina.

Søknaden vil og bli lagd ut til høyring i Rennesøy kommune, Rådhuset, Postboks 24, 4159 Rennesøy.

Uttale frå interesserte kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no innan 30. november 2018.

Sjø søknad og høyringsdokument i lenkene til denne nettsaka.