Tiltaksplan forureina grunn og sjøbotn på Risøy


Høyringsfrist 23. mars 2018 00:00

Delar av verftsområdet på Risøy er forureina på land og i sjøbotnen av organiske og uorganiske miljøgifter. Etter pålegg frå Fylkesmannen har Multiconsult på vegne av Umoe Eiendom Vest AS utarbeida plan med tiltak for å rydde opp i forureininga.

Fylkesmannen vil på grunnlag av eigne vurderingar av tiltaksplanen og utsegner frå høyringa varsle pålegg til Umoe Eiendom Vest AS om å gjennomføre forureiningsreduserande tiltak.

Ttilbakemeldingar kan sendast innan 23. mars 2018 til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til postmottak@fmro.no.

Sjå høyringsbrev og forslag til tiltaksplan i vedlegga til denne nettsaka.