Tiltaksplan for forureina sjøbotn ved Rosenberg verft på Buøy


Høyringsfrist 03. april 2018 00:00

Delar av sjøbotn utanfor Rosenberg verft på Buøy er forureina av organiske og uorganiske miljøgifter. Etter pålegg frå Fylkesmannen har Norconsult på vegne av Buøy Invest AS utarbeida plan med forslag om tiltak for å rydde opp i forureininga.

Fylkesmannen vil på grunnlag av eigne vurderingar av tiltaksplanen og utsegner frå høyringa varsle pålegg til Buøy Invest AS om å gjennomføre forureiningsreduserande tiltak.

Eventuelle merknader kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå tiltaksplan og høyringsbrev i vedlegga til denne nettsaka.