Søknad om utfylling i sjø ved Luravika


Høyringsfrist 05. januar 2018 15:30

Sandnes kommune planlegg å tilretteleggja for ein offentleg bynær badeplass ved eigedomen 69/580 ved nordre enden av Luravika i Sandnes.

I den samanhengen søker kommunen om å fylla ut ca. 360 m3 massar i sjø for å etablera eit større opphaldsareal på land. Utfyllinga vil dekka eit sjøbotnareal på ca. 1100 m2. Det er Bane Nor SF som eig eigedomen.

I nærleiken av utfyllingsområdet ligg det ei ålegraseng verdisatt B («viktig») av Ecofact i 2009. Søkar har foreslått tildekkingsduk som eit avbøtande tiltak mot partikkelspreiing under arbeida.

Uttalar til søknaden sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til 5. januar 2018.

Sjå høyringsbrev og søknad med vedlegg i dokumentlenkene til denne nettsaka.