Søknad om utbetring av kai ved Risavika


Høyringsfrist 05. februar 2018 00:00

Norsea Ekofiskvegen AS ynsker å utbetre kaia ved Risavika i Sola kommune. I den samanheng søker dei om løyve etter forureiningslova til å sette spuntvegg og til utfylling i sjø.

Søknaden omfattar setting av spuntvegg, fjerning av stein og utfylling med ca. 1500 m3 reine steinmassar. Tiltaket vil røra ved ca. 400 m2 sjøbotn. Målet med tiltaket er å sikre  funksjonaliteten til kaia. Sedimente i området er forureina med PAH-forbindelsar og TBT, og det er registrert fleire viktige naturtypar i tiltaksområdet. Holmane i nærleiken er del av eit naturvernområde, og Melingsholmen er eit regionalt friluftlivsområde.

Uttalar til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker.

Sjå høyringsbrev og søknad i vedlegga til denne nettsaka.