Søknad om mudring ved kaia i Risavika


Høyringsfrist 11. mai 2018 00:00

Norsea Ekofiskvegen AS ynsker å utdjupa sjøbotn ved Risavika kai i Sola kommune. I den samanhengen søker dei om løyve etter forureiningslova til mudring.

Søknaden omfattar mudring av ca. 4 000 m3 sjøbotnssediment. Tiltaket vil røra ved ca. 1 550 m2 sjøbotn. Målet med tiltaket er å sikre funksjonaliteten til kaia. Sediment i området er forureina med PAH-forbindelsar og TBT, og det er registrert fleire viktige naturtypar i tiltaksområdet. Holmane i nærleiken er del av eit naturvernområde og Melingsholmen er eit regionalt friluftlivsområde.

Uttalar til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker.

Sjå høyringsbrev og søknad i vedlegga til denne nettsaka.