Søknad om mudring og peling i sjø ved kaia på Mekjarvik

Stavangerregionen Havn IKS ynsker å forlenge kaia ved Mekjarvik i Randaberg kommune. I den samanheng søker dei om løyve etter forureiningslova til mudring og peling i sjø.

Søknaden omfattar mudring av ca. 12 000 m3 forureina sediment for å sikre tilstrekkeleg sjødjup ved kaia, samt peling med ca. 72 peler for å etablere kaia. Tiltaket vil røre ca 2 900 m2 sjøbotn.

I nærleiken av tiltaksområdet er det registrert eit gytefelt for torsk og sild.

Uttalar til søknaden sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker.

Sjå høyringsbrev og søknad i vedlegga til denne nettsaka.