Søknad om løyve etter forureiningslova frå Rekefjord Stone AS


Høyringsfrist 05. mai 2018 00:00

Fylkesmannen har motteke søknad frå Rekefjord Stone AS om løyve etter forureiningslova §11, jf. forureingsforskrifta §22. Føremålet med tiltaket er å sikre sjødjup og funksjonalitet for kaianlegg.

Søknaden gjeld sprenging i sjø og mudring av ca. 5000 m3 sediment og steinmassar. Tiltaket vil røra ved eit sjøbotnareal på ca. 950 m2. Sedimenta i området er antatt forureina, og det er registrert fleire viktige naturtypar i tiltaksområdet, blant anna tareskog og skjelsand.

Eventuell uttale kan sendast på e-post til fmropost@fylkesmannen.no ller som brev til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.

Sjå søknad og høyringsbrev i vedlegga til denne nettsaka.