Søknad frå Åsevik Utvikling AS til utfylling og mudring i sjø ved Krogevoll


Høyringsfrist 21.mai 2018 12:00

Fylkesmannen har motteke søknad frå Åsevik Utvikling AS om løyve etter forureiningslova til utfylling og mudring i sjø ved eigedom 3/2 Krogevoll i Strand kommune.

Søknaden gjeld mudring av ca. 500 m3 sjøbotnsedimenter og utfylling av ca. 21 127 m3 reine steinmassar. Tiltaket vil røra ved eit sjøbotnareal på ca. 5 615 m2. Formålet med tiltaket er å etablera eit småbåtanlegg. Ei avgrensa sedimentmengde i området er påvist forureina med PAH-sambinding antracen. Det er registrert ålegras i tiltaksområdet, og Litleholmen er nærleiken er eit viltområde.

Uttalar til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker.

Sjå høyringsbrev og søknad i vedlegga til denne nettsaka.