Søknad om endra løyve for Pelagia Karmsund Fiskemel AS


Høyringsfrist 23. juli 2018 00:00

Pelagia Karmsund Fiskemel AS har 27.4.2018 søkt om endring av løyve etter forureiningslova for produksjon av fiskemjøl- og olje. Verksemda har søkt om løyve til å omfatte ein årleg produksjon av inntil 44.000 fiskemjøl og 10.000 tonn fiskeolje, tilsvarande gjeldande produksjonsramme.

Pelagia Karmsund Fiskemel AS er lokalisert på eigedomen 86/77 Husøyvegen 283 i Karmøy kommune.

Frist for uttale er sett til mandag 23.juli 2018. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn i lenkjene til denne nettsaka.

Gjeldande løyve er datert 19.mars 2001, og treng oppdatering i samsvar med seinare endringar i miljøregelverket. Fylkesmannen har derfor bede verksemda om å søkje om endring av løyvet.

Moglege utslepp er lukt, støv, støy og organiske komponentar til sjøresipient.

Eventuell uttale kan sendast på e-post til fmropost@fylkesmannen.no eller som brev til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.