Nortura SA avd Forus søker om endra løyve etter forureiningslova


Høyringsfrist 23. mars 2018 00:00

Det er søkt om å gjere endringar i løyve etter forurensningslova §11, jf. §16. Verksemda er lokalisert i Gamle Forusvei 50 i Stavanger kommune.

Nortura SA søkjer om desse endringane:

  • Auke i produksjon
  • Flytte utsleppet av prosessvatn frå Gandsfjorden til offentleg nett og samtidig ta vekk eit av reinsetrinna lokalt på slakteriet. Reinsing vil skje på sentralrenseanlegget til IVAR IKS i Mekjarvik i tillegg. Utsleppet vil etter endringa komme i Håsteinsfjorden i staden
  • Luktutslepp: verksemda har gjort ei rekkje tiltak for å redusere luktutsleppa. Verksemda har gjort nye luktmålingar, og søkjer om rammer for vidare drift

Merknader skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no innan 23. mars 2018.