Framlegg til frivillig skogvern - Stråtveit naturreservat


Høyringsfrist 17. juni 2018 00:00

Fylkesmannen i Rogaland har sendt på høyring framlegg til frivillig skogvern for Stråtveit i Vindafjord kommune.

Høyringsbrev, framlegg til forskrift for Stråtveit naturreservat, framlegg til vernegrenser for Stråtveit naturreservat og ein oppsummering av merknader til melding om oppstart av verneprosess i Stråtveit, er publisert i dokumentlenkene i denne nettsaka..

Fylkesmannen ber om tilbakemeldingar innan 17. juni 2018. Uttale kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no.