Etterhandskunngjering av løyve til Statens vegvesen til arbeid i sjø ved Kittilsbotn


Høyringsfrist 17.oktober 2017 03:30

Fylkesmannen har gitt løyve til mudring og utfylling i sjø på eigedom 66/98 i Karmøy kommune.

I samband med utviding av FV511 Bygnes-Søylebotn ved Kittilsbotn er det gitt løyve til arbeid i sjø. Løyve gjelder utfylling med ca. 7 000m3 sprengsteinsmassar i sjø og vil dekkja et sjøbotnareal på ca. 1 000 m2. Det er i løyve sett krav om blant anna turbiditetsmålingar og bruk av siltgardin for å hindra spreiing av forureina sediment. Det er vidare sett krav til støy, internkontroll og beredskapsplan m.m.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå løyve og søknad i høgremargen.

Kontaktpersonar

Dokument