Søknadar om løyve Borgeredalen Miljøpark i Karmøy


Høyringsfrist 19. mai 2020 00:00

Karmøy kommune søker om løyve knytt til 4 aktivitetar i Borgaredalen Miljøpark, Borgaredalen 110:

  • Kompostering av hage- og parkavfall
  • Avslutning og tildekking av deponietappe 1
  • Mottak av kloakkslam frå septiktankar
  • Drift av deponietappe 2 , endring frå ordinært til inert avfall

Sjå søknad og vedlegg i dokumentlenkene.

 

 

 

Desse aktivitetane skjer ved anlegget også i dag. Når løyve er meir enn 10 år gamle, kan Fylkesmannen krevje full gjennomgang med ny søknadsdokumentasjon. Vilkåra for drift av avfallsanlegget vert då oppdatert til dagens standard.

I følgje søknaden vil nå Karmøy kommune starte med reinsing av sigevatnet frå deponiet og ureina vatn frå avsig frå kloakkslam.

Utsleppsleidninga frå Borgaredalen har utsleppspunkt i ytre del av Veavågen. Saman med søknadsdokumentasjonen finn ein også overvakingsrapport frå området ved utsleppspunktet og dokumentasjon på utsleppa i 2019.

Merknader skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no innan 19. mai 2020.