Søknad om endra løyve til Prima Seafood AS


Høyringsfrist 23. august 2019 00:00

Prima Seafood AS søker om endring av løyve for mottak og produksjon av pelagisk fisk ved eigedomen 47/30 i Eigersund kommune.

Prima Seafood AS har inngått avtale med Fonn Egersund AS om leige av anlegg for mottak og produksjon av pelagisk fisk på gnr./bnr. 47/35 Lindøyvegen 92 i Egersund frå 01.05.2019. Avtalen trådte i kraft samstundes med at tidlegare leigeavtale mellom Fonn Egersund AS og Global Egersund AS opphøyrde.

Fylkesmannen overførte samtidig løyvet opprinneleg gitt Fonn Egersund AS frå Global til Prima Egersund.AS. Vi bad i same brev verksemda om å søke om endring av løyvet for å bringe dette betre i samsvar med endringar i regelverket og nyare løyve til fiskeriverksemder i Egersund hamn.

Søknaden frå Prima Seafood AS er datert 16.07.2019. Produksjonen er omfatta av forureiningsforskrifta kapittel 36 vedlegg I (IED-direktivet) pkt. 6.4 b) (i).

Mogleg forureining vil vere utslepp av organisk stoff til sjøresipient i eksisterande utsleppsleidning med utlaup utafor Lindøy. Det vil i løyvet verte sett krav om tiltak og fastsett grenseverdiar for å avgrense utsleppa.

Merknader til søknaden skal sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker frå denne kunngjeringa.

Sjå søknad og høyringsbrev samt gjeldande løyve gitt Fonn Egersund 09.05.2009 i dokumentlenkene til denne nettsaka.

Løyva til øvrige fiskeriverksemder i Eigersund finn du på nettstaden Norsk utslipp.