Framlegg til frivillig skogvern – Skurvedalen naturreservat


Høyringsfrist 24. mai 2019 00:00

Skurvedalen naturreservat
Skurvedalen naturreservat (Foto: NFF / Fylkesmannen i Rogaland)

Fylkesmannen i Rogaland har sendt på høyring framlegg til frivillig skogvern for Skurvedalen i Forsand kommune.

Høyringsbrev, framlegg til forskrift for Skurvedalen naturreservat, framlegg til vernegrenser for Skurvedalen naturreservat og ein oppsummering av merknader til melding om oppstart av verneprosess i Skurvedalen, er publisert i dokumentlenkene i denne nettsaka.

Fylkesmannen ber om tilbakemeldingar innan 24. mai 2019. Uttale kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no.