Etterlyser felles innsats

Riksrevisjonen si undersøking av  innsatsen overfor barn og unge i familier med låg inntekt  syner at : Mange kommunar gjer for lite for at barn og unge som veks opp i familiar med låg inntekt skal kunne delta sosialt. Innsatsen for å redusere konsekvensane av fattigdom blant barn og unge er ikkje godt nok koordinert. Behova til barna blir ikkje godt nok kartlagde når foreldra søkjer om sosialhjelp.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.07.2014

Målet med undersøkinga har vore å vurdere i kva grad statlege verkemiddel og tiltak som er sette i verk i kommunane, medverkar til å redusere konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Undersøkinga omfattar perioden 2002–2013.

 

Frå rapporten: "Som del av det landsomfattande tilsynet undersøkte Fylkesmannen om kommuneleiinga har på plass styrings- og kontrolltiltak som skal sikre forsvarleg kartlegging og individuell vurdering av kva behov barna har, ved behandling av søknad om sosialhjelp. Helsetilsynet har summert opp funn frå det landsomfattande tilsynet i ein eigen rapport. Både denne rapporten og intervjua som er gjennomførte i denne revisjonen, viser at mange NAV-kontor manglar
- eit dokumentert internkontrollsystem
- ordningar for å følgje systematisk med på og kontrollere om krava i lova blir følgde
- eit velfungerande system for melding og handtering av avvik"

 

For meir informasjon om tilrådinga til Riksrevisjonen sjå rapport.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner