Større matglede for å skape gode måltidsopplevingar og redusere underernæring

Ein del eldre heimebuande får ikkje i seg nok og rett mat. Studiar viser 30 prosent  underernæring hos eldre som mottek heimesjukepleie. Nå vil Fylkesmannen sette i gang eit pilotprosjekt for å få større matglede og betre ernæringsstatusen til dei eldre.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.08.2020

God mat er grunnleggjande for god helse og livskvalitet og derfor vil vi rette innsatsen mot dei eldre som bur i eigen heim.

Fleire eldre om få år

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at talet på personar over 67 år omtrent doblar seg frå 2000 til 2050. Eldre kjem til å bu i eigen heim lenger i åra som kjem. Vi vil at eldre skal kunne meistre livet der dei bur heile livet.

Matgledekorps skal inspirere

Den operative delen av prosjektet blir kalla matgledekorps, og i pilotfasen er det kommunane Hå, Klepp, Time og Bjerkreim som er spurte om å vere med. Matgledekorpset i Rogaland skal gi rettleiing, råd og inspirasjon til eldre heimebuande slik at dei får auka måltidsglede og trivsel – og ein betre ernæringsmessig helsestatus.

I løpet av kort tid blir det gjennomført møte med dei fire kommunane for å avklare interessa for å vere med i prosjektet. Hausten skal brukast til å planlegge og designe konsept for inspirasjonssamlingar for eldre heimebuande. På grunn av koronapandemien, arrangerer vi desse samlingane på nyåret.

Maten er ikkje gitt før den er eten

Matgledekorps finst også i nokre andre delar av landet, men dei har fokus på tilsette og eldre på sjukeheimar. I Rogaland har vi vald å fokusere på eldre heimebuande, fordi denne gruppa ikkje har den same oppfølginga under måltida som dei eldre på sjukeheimane. Det er ei stor oppgåve vi har tatt fatt på, og vi har tru på at vi kan lukkast, men det forutset god dialog og involvering av kommunane og frivillige organisasjonar.

Kjend kokk som prosjektleiar

I tillegg til den ernæringsmessige delen ved prosjektet, skal vi også sjå på bruken av lokale råvarer og redusere matsvinnet. Ingenting er betre då enn å leige inn ein kjend kokk frå Jæren som prosjektleiar. Ho er oppriktig engasjert i helse og ernæring, bruk av lokale råvarer, og har gitt ut boka «Bruk alt» – og ho heiter Heidi Netland Berge. Med seg på laget har ho ernæringsfysiolog Nicole Næsheim, sjukepleiar og rådgivar for «Leve heile livet», Bjørg Odland og landbruksrådgivar Eli Munkeby Serigstad.

Det er Fylkesmannen i Rogaland som styrer Matgledekorpset i Rogaland. Pilotprosjektet blir finansiert av, og er ein del av, den nasjonal satsinga «Gylne Måltidsøyeblikk» i regi av Landbruks- og matdepartementet.

Styringsgruppe

Fylkeslege Janne Dahle-Melhus er leiar for styringsgruppa. Dei andre i styringsgruppa er:

  • Anne Siri Høiland, dagleg leiar i Fjordkjøkken
  • Britt Ellinor Scott, kommunalsjef for omsorg i Time kommune
  • Eli M. Serigstad, rådgivar hos Fylkesmannen i Rogaland

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.