Matglede på “kommunekartet”

Me har ikkje råd til å la vere, seier dei i kor dei fire kommunane som nyleg underskreiv intensjonsavtaler med Fylkesmannen om deltaking i pilotprosjektet «Matgledekorpset i Rogaland».

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2020

På ettersommaren hadde Hå, Time, Klepp og Bjerkreim besøk av Matgledekorpset der me la fram planane for korleis ein kan arbeide for å redusere underernæring blant eldre. Matgledekorpset skal på nyåret arrangere 12 inspirasjonssamlingar i bygd og by i dei fire kommunane.

 

Behov for meir informasjon og nye metodar 

I dag er 4,3% av innbyggjarane over 80 år, medan i 2050 vil det vera 10,5% som er 80 år og over. Framskrivingstal frå SSB viser at personar med behov for heildøgns tenester vil kunne auka med nær 20% fram til 2030. Me må få heile samfunnet til å verta aldersvenleg slik at eldre kan meistre livet i eigen heim. Ein viktig faktor for å få dette til er at den enkelte har ein god ernæringsstatus og at det er lagt til rette for måltidsfellesskap.  

Inspirasjonssamlingane vil gje oss viktig kunnskap om korleis me på best mogleg måte kan vidareformidle erfaringar og kunnskap om til dømes ernæring, matlaging, trivsel og fellesskap som kjem dei eldre heimebuande til gode. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.