Leve heile livet

Reforma «Leve heile livet» skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger og vere trygge på at dei får god hjelp når dei treng det. Kvalitetsreforma for dei eldre skal handle om fellesskap, aktivitet, mat og helsehjelp.

Målet med reforma skal vere fleire gode leveår der eldre menneske har god helse lenger og i større grad meistrar eige liv.

Aldersvenlege samfunn

Eldre skal kunne leve gode liv, uavhengig av helseproblem og helsetilstand. Reforma er særleg retta mot helse- og omsorgssektoren, men alle sektorar må bidra for å skape aldersvenlege samfunn.

Fylkesmannen har ei sentral rolle i å koordinere reformarbeidet. I 2019 skal fylkesmannen blant anna gi alle kommunar tilbod om dialogmøte og sørge for at alle kommunar blir inviterte til å delta i læringsnettverk. Fylkesmennene er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med.

Vis meir