Universell utforming

Med universell utforming meiner vi at produkt, bygg og uteområde for allmenta skal utformast på ein slik måte at hovudløysinga kan brukast av flest mogleg. Universell utforming skal gi alle betre høve til likeverdig samfunnsdeltaking. Dette gjeld ikkje berre personar med nedsett funksjonsevne, men også for eksempel familiar med barn i barnevogn og eldre.

Universell utforming er eit uttrykk for ein samfunnsverdi om likestilling og auka tilgjengelegheit, og visjonen er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025.

Universell utforming er forankra i fleire lovverk

Universell utforming er ein strategi som stiller krav til samarbeid og tverrfagleg perspektiv i planlegging, brukarmedverknad, praktisk gjennomføring og evaluering av tiltak. Universell utforming er også forankra og sikra i fleire lover og forskrifter, blant anna diskriminerings- og tilgjengelegheitslova og plan- og bygningslova.

Fylkesmannens oppgåver

Fylkesmannen følgjer opp statlege satsingar ved å medverke til å innarbeide universell utforming i regionale og kommunale planar. Fylkesmannen gir også råd og rettleiing om universell utforming til regionale og kommunale samarbeidspartnarar, og til frivillige lag, organisasjonar og brukargrupper.

Vis meir


Kontaktpersonar