Godkjenning for sterilisering

Steriliseringslova har krav om at verksemder som tilbyr sterilisering utanfor offentlege sjukehus skal ha godkjenning frå Fylkesmannen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.02.2016

Verksemder og privatpraktiserande spesialister kan søkje Fylkesmannen om godkjenning. Det er ikkje fastsatt søknadsskjema.

Søknaden bør innehalde følgjande opplysningar:

  • det er lagt til rette for at verksemda kan yte forsvarleg helsehjelp
  • verksemda har tilstrekkeleg internkontroll (kvalitetssystem for prosedyrar og handtering av avvik)
  • verksemda kjenner steriliseringslova og vilkåra for steriliseringsinngrep som er nemnt i § 2

Fylkesmannen skal fatte sitt vedtak innan 8 veker.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.