Vurdering av samtykkekompetanse

Samtykkekompetanse er det same som retten til å anten samtykke til eller nekte helsehjelp. I helselovgjevinga er det mange stader krav om å vurdera samtykkekompetansen. Det er ikkje lett å prove at pasienten ikkje har samtykkekompetanse.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.09.2017

Samtykkekompetansevurdering skal vere ei "her og no"-vurdering for den konkrete helsehjelpa som skal bli gitt. Vurderinga inkluderer bruk av skjønn og etikk og vil krevje tid til refleksjon og diskusjon, blant anna for å oppnå likebehandling og for å avgrensa bruken av tvang. Avgjerda i kvar enkelt sak kan med fordel bli kvalitetssikra ved diskusjon i tverrfaglege team.

Hjelpespørsmål

Nedanfor følgjer døme på aktuelle spørsmål som kan vera til hjelp ved vurdering av samtykkekompetansen til pasienten. Pasienten må prøve å svara på spørsmåla meir utdjupande enn med ja eller nei.

Spørsmål for å vurdera pasienten si evne til å forstå helsetilstanden sin

  • Kva plager har du no?
  • Kva trur du er årsaka til desse plagene?
  • Kva tenkjer du om situasjonen din eller problemet ditt?
  • Kva tenkjer du vi kan hjelpe deg med?


Spørsmål for å vurdera pasienten si evne til å forstå det aktuelle forslaget om helsehjelp

  • Kva for helsehjelp er det vi har gjeve deg tilbod om?
  • Kvifor trur du vi har tilrådd denne helsehjelpa for deg?
  • Trur du denne helsehjelpa er den beste for deg? Kvifor eller kvifor ikkje?
  • Kva tenkjer du om sannsynet for at helsehjelpa vil vere til nytte?
  • Kva er sannsynet for at du kan få biverknadar eller anna ulempe?
  • Kva trur du eigenleg vil skje med deg viss du seier ja til helsehjelpa? Viss du seier nei?
  • Kva trur du vil skje med deg viss ikkje noko vert gjort?


Spørsmål for å vurdera pasienten si evne til å resonnera med sitt eige verdisyn rundt dei faktiske tilhøve

  • Kva for faktorar/tema er mest viktig for deg når du skal vurdere om du skal ta imot helsehjelpa?
  • Kva tenkjer du er fordelane ved å ta imot helsehjelpa?
  • Kva tenkjer du er ulempene ved å ta imot helsehjelpa?
  • Kva tenkjer du er fordelane ved å nekte helsehjelpa?
  • Kva tenkjer du er ulempene ved å nekte helsehjelpa?
  • Stolar du på dei som skal gje denne helsehjelpa? Kvifor eller kvifor ikkje?
  • Kva trur du vil skje med deg no?


Spørsmål for å vurdera pasienten si evne til å uttrykkja eit val

  • Du har fått mykje informasjon om tilstanden din. Kva meiner du er den beste helsehjelpa for deg akkurat no?
  • Har du avgjort kva for helsehjelp som er best for deg akkurat no?
  • Vi har diskutert fleire ulike alternativ, kva ynskjer du å gjera?


Døme på sjukelege førestillingar

Her er nokre døme på sjukelege førestillingar som direkte påverkar evna til å kunna gje samtykke til helsehjelpa:

  • sjukeleg førestilling om at helsehjelpa er direkte skadeleg
  • sjukeleg førestilling om at "nokon andre" er motstandar av helsehjelpa
  • sjukeleg førestilling om at helsepersonellet som skal gje helsehjelpa vil pasienten vondt eller er ein del av ein konspirasjon (paranoia retta mot helsevesenet)

Misforståingar

Det er mange misforståingar knytt til å vurdera samtykkekompetansen til pasientar, til dømes:

  • "pasientar som ikkje følgjer legen sitt råd har redusert samtykkekompetanse"
  • "pasientar som er tvangsinnlagde eller er demente manglar samtykkekompetanse"
  • "når samtykkekompetanse manglar, så manglar han for alle avgjerder om helsehjelp"
  • "mangel på samtykkekompetanse er permanent"
  • "alle som er psykotiske/har diagnosen schizofreni manglar samtykkekompetanse"

Det er viktig at helsepersonell ser at til slike "kjappe konklusjonar" og misforståingar ikkje får påverka vurdering av samtykkekompetanse.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.