Rapport om bruk av tvang i psykisk helsevern

Helsedirektoratet har publisert sin årlege rapport om bruk av tvang i det psykiske helsevernet. Rapporten for 2014 viser at tvangsbruken aukar.

Talet på tvangsinnleggingar har auka med fire prosent samanlikna med 2013. Det er store geografiske skilnader i omfang og lengde på tvangsinnleggingar i dei ulike helseregionane, det er òg skilnader mellom helseføretak i same region.